Hopp til innhold
  • EN
  • Logg inn
  • Hard kamp om årets nasjonale Bygdeutviklingspris

    Noregseliten av mat og reiseliv, smaksrike grønsaker av ypparste kvalitet eller favorittmaten til trekkhunden? Vinnaren av Innovasjon Noregs nasjonale Bygdeutviklingspris vert å finna blant desse. Prisen på heile 250 000 kroner vert delt ut på den norske ambassaden i Berlin 15. januar 2015 i samband med Internationale Grüne Woche (IGW).

    Innovasjon Noreg har aldri tidligare opplevd så hard og tett kamp om den nasjonale Bygde­utviklingsprisen. Det viser kor mykje nyskaping og kreativitet det er i, og i tilknyting til landbruket, seier Anita Krohn Traaseth, administrerande direktør i Innovasjon Noreg.

    Dei nominerte er:

    Rørosmat SA – Røros i Sør-Trøndelag

    Rørosmat har ambisjon om å vera Noregs tydlegaste merkevare innan lokalmat. Dei har gjennom langsiktig og målretta arbeid vorte eit førebilete for andre regionar ved å byggje verksemdfellesskap, gjere merkevaren Rørosmat kjent, utvikle samarbeid mellom mat og reiseliv og landsdekkande distribusjon. Selskapet skal være eit lønnsomt og fagleg sterkt produsentnettverk, og bidra til auka verdiskaping og matproduksjon for medlemmane.

    Rørosmat fungerer som bestillingskanal, varemottak og distribusjon av varene frå medlemmane ut til kundane. Selskapet vart etablert i 2003, og har i dag 31 matprodusentar som eigarar.

    Heimeside: http://www.rorosmat.no/

     

    Skjærgaarden Gartneri – Åsgårdstrand i Vestfold

    Skjærgaarden Gartneri er Noregs største produsent av vårlauk, i tillegg vert det produsert ei rekkje andre grønsaker og urter av høg kvalitet. Verksemda er svært opptatt av levande matjord, biologien i jorda og kretsløp, og er aktive innan produktutvikling og Forsking- og utviklingsamarbete (FoU).

    Selskapet lanserte ei ny lauktype i 2013, hadde storskala forsøk med spiselege blomar i år, og til neste år kjem Rød Skjærgaardsløk på marknaden. I 2015 skal det også stå ferdig ein demonstrasjonshage som skal fungere som inspirasjonskjelde og møteplass for kokkar, kundar, forskarar og forbrukarar.

    Skjærgaarden Gartneri har mange utanlandske sesongarbeidarar, og har gjennom aktiv personalpolitikk med delegering av ansvar stabil arbeidskraft med mange andregenerasjons arbeidstakarar.

    Heimeside: http://skjaergaarden.no/

     

    Vom og Hundemat AS, Trøgstad i Østfold

    Gründeren Magne Østby er pølsemakaren som vart berømt som produsent av hundefôr. Han slo gjennom med leveranse til Robert Sørli som vann Iditarod i 2003 (1 800 km i Alaska). I dag har han ei rekkje fornøyde kundar i så vel hundesportmiljøet som i det ordinære hundemiljøet.

    Verksemda eksporterer til Sverige, Danmark og Finland, og vurderer framstøyt på den tyske og nokre andre europiske marknader. Dei brukar og marknadsfører seg med reine norske råvarer som konkurransefortrinn, råvarer som er til overs frå næringsmiddelindustrien. Verksemda har Forsking- og utviklingsamarbeid (FoU) med Noregs miljø- og biovitenskapelige universitet for å optimalisere fôret.

    Vom og Hundemat har mottatt DN Gaselleutmerking seks år på rad, og er trekt fram som eksempelverksemd frå Mattilsynet. 

    Heimeside: http://www.vomoghundemat.no/