• EN
  • Logg inn
  • Moer gård og Norwegian Antibodies AS vant BU-prisen

    Statsråd Sylvi Listhaug og konstituert administrerande direktør i Innovasjon Norge, Finn Kristian Aamodt stod for den høgtidlege overrekkinga av prisen på 250 000 kroner under ei tilstelling i ambassaden i Berlin i samband med Internationale Grüne Woche. Innovasjon Norge
    Statsråd Sylvi Listhaug og konstituert administrerande direktør i Innovasjon Norge, Finn Kristian Aamodt stod for den høgtidlege overrekkinga av prisen på 250 000 kroner under ei tilstelling i ambassaden i Berlin i samband med Internationale Grüne Woche.Innovasjon Norge
    Moer gård og Norwegian Antibodies AS frå Ås i Akershus er den store vinnaren av den nasjonale bygdeutviklingsprisen (BU-prisen) til Innovasjon Norge for 2013.

    Verdig vinnar i sterk konkurranse

    Moer gård og Norwegian Antibodies AS er verdige vinnar av den nasjonale bygdeutviklingsprisen, sa Finn Kristian Aamodt i talen sin under utdelinga, og la til at dei også er gode representantar for nyskapinga og den spennande kreativiteten som skjer innan og i tilknyting til landbruket.

    Årets konkurranse har vore hard, og Moer gård og Norwegian Antibodies AS vann i tøff konkurranse med Balke gård frå Oppland og «Inn på tunet garden» Angedal gard frå Sogn og Fjordane.

    Høner, egg og antistoff

    Moer gård er eigd av Ole Egge, og driv stort innan konsumeggproduksjon, samt kornproduksjon og skogsdrift. I tillegg vert det drive antistoff­produksjon på høner. Saman med veterinær Øystein Larsen og forskar Erling H. Sundrehagen har han etablert Norwegian Antibodies AS.

    Norwegian Antibodies AS er ei bioteknologisk bedrift og verdas største produsent av antistoff frå eggeplommen frå høner. Norsk dyrehelse i verdsklasse, kompetanse og teknologi er viktige konkuransefortrinn.

    Internasjonal verksemd

    Produksjonen skjer på bestilling etter spesifikke krav. Kundar er bioteknologiske produsentar og forskingsmiljø i EU, USA og Kina. Blant anna så har graviditetstestar i Kina og nyreprøvar på Karolinska sjukehuset i Stockholm det til felles at dei begge nyttar antistoff frå Moer gård og Norwegian Antibodies AS.

    Avansert FoU

    I alle bransjar må det stadig fornying til for å oppretthalde marknadsposisjon og inntening, og det gjeld i høgste grad også for Moer gård og Norwegian Antibodies AS. Med utgangspunkt i høgkostlandet Noreg må ein heile tida vere på offensiven med forsking og produktutvikling. Forskingsstøtte frå EU skulle borge for kvalitet og innovasjon i dette arbeidet.

    Kontaktpersonar:

    Moer gård og Norwegian Antibodies AS:
    Ole Egge, ole.egge@antibodies.no mobil 913 94 912. Heimeside: www.antibodies.no  

    Innovasjon Norge:
    Kjell Bruvoll, kjell.bruvoll@innovasjonnorge.no  mobil 958 58 629

    Les meir om Bygdeutviklingsmidler