Hopp til innhold
  • EN
  • Logg inn
  • Sentrale bygdeutviklingsmidlar 2014

    Ynskjer du å gjennomføre eit prosjekt som kan vera til nytte for ei større gruppe bønder eller produsentar? Innovasjon Norge inviterer no til søknader om sentrale bygdeutviklingsmidlar 2014.

    Kva kan det søkjast støtte til?

    Verkeområdet til dei sentrale bygdeutviklingsmidlane er bedriftsovergripande utviklingsprosjekt innan tradisjonelle landbruksproduksjonar og nye næringar, dvs. utviklingsprosjekt som ein eller fleire produksjonar eller gruppe bønder har nytte av.

    Prosjekt skal ha mål om verdiskaping/næringsutvikling, men det kan også gjevast støtte til (utgreiings)­prosjekt for å avklare om seinare prosjekt/fasar har potensial for verdiskaping/nærings­utvikling.

    Det vert ikkje gitt støtte til fysiske investeringar.

    Kven kan søkje?

    Søkjar kan vera ein samanslutnad av produsentar, ein organisasjon eller liknande som representerer bønder eller bygdenæringar/tilleggsnæringar i landbruket. Vi prioriterer bransjar eller produksjonar utan sterk fellesskapsøkonomi der støtte frå Innovasjon Norge er avgjerande for om prosjektet kjem i gang.

    Krav til søknad

    • Informasjon om søkjar med organisasjonsnummer, kontaktperson og kva føresetnader søkjar har til å gjennomføre prosjektet
    • Bakgrunn for prosjektet og mål med prosjektet.
    • Tidsplan med hovudaktivitetar
    • Budsjett
    • Finansieringsplan

    Søknaden må synleggjere at prosjektet representerer eit potensial for verdiskaping/nærings­utvikling,  samt kva som er nytten av prosjektet.

    Nærare opplysningar

    Ta gjerne kontakt med Kjell Bruvoll, e-post kjell.bruvoll@innovasjonnorge.no eller på telefon 22 00 26 33 om du har spørsmål eller ynskjer drøfte ein prosjektide.

    Korleis søke?

    Send søknad pr. post til Innovasjon Norge, postboks 448 Sentrum, 0104 Oslo. Merk søknaden «Søknad om sentrale bu-midlar».

    Søknadsfrist 16. mai 2014.