• EN
  • Logg inn
  • Finaleheat med opera, biovarme og jordbærøl

    Fylkesvinnarane er kåra og no er finalistane klare. Om ein månad får vi vite kven som mottek den nasjonale Bygdeutviklingsprisen 2015.

    Dei nominerte er Tor Oxhovd Svalesen med Stølslie Biovarme AS og Valdres Biovarme AS i Oppland, Åmot Operagard Sørli i Sogn og Fjordane og Folvell gård i Akershus.

    - Det er tre spennande kandidatar i finalen i år, og kvar av dei representerer ulike gründerverksemder og gardsrelaterte næringar. Det skjer utruleg mykje interessant utvikling knytta til landbruket og bygdene kring dei, og det er ei takksam oppgåve å skulle velje mellom så dyktige kandidatar, seier Anita Krohn Traaseth, administrerande direktør i Innovasjon Norge.

    Saman med landbruks- og matminister Jon Georg Dale delar ho ut prisen til vinnaren under landbruks- og matmessa Internationale Grüne Woche i Berlin 14. januar.

    Bygdenes og landbrukets ressursar

    Innovasjon Norge deler ut Bygdeutviklingsprisen kvart år. Fylkesvinnarane har kvar motteke 50.000 kroner, og vinnaren av den nasjonale prisen vil i tillegg reise heim frå Berlin 250.000 kroner rikare.

    - Det vi ynskjer med Bygdeutviklingsprisen er å heidre bedrifter eller personar som driv næringsverksemd med basis i bygdenes og landbrukets ressursar. Vi ser spesielt etter økonomisk lønsemd, originalitet, sysselsetting, samt sosial- og miljømessig berekraft, fortel Krohn Traaseth.

    Dette er dei tre finalistane:

    Åmot Operagard Sørli

    I Vestlandsbygda Bygstad ligg eit originalt og nyskapande konsept, der garden er arena for produksjon av kultur-opplevingar innanfor opera/teater og konsertar, selskap, bryllaup, møter og overnatting ,og med gardskjøkken og restaurant med unike matopplevingar. Gardsmiljøet inneheld sveitservilla, låve, snekkarverkstad, smie og eldhus, med lokale råvarer frå sjø og land i restauranten og overnatting i det restaurerte våningshuset frå 1890.  Hotellet er og ein del av samanslutninga De Historiske hotel & spisesteder.

    Eigarane Steinar Sørli og Yngve Brakstad er ressurspersonar i norsk reiseliv, som tenkjer nytt og utradisjonelt. Dei har fått i stand eit utstrakt lokalt, regionalt og nasjonalt samarbeid, som også bidreg til etablering av internasjonale nettverk. I tillegg frontar dei no utvikling av ei regional kultur- og matklynge.  Samarbeidet med operatøren Travel Designer har skaffa kundar frå «High End»-segmentet frå blant anna  USA. Dei har og hausta heiderleg omtale i britiske Financial Times.

    Åmot Operagard har fått stor merksemd for unikt reiselivsprodukt, og er frå før tildelt: Kultur- og næringsprisen 2011 frå Arts & Business Norge, Olavsrosa frå Norsk Kulturarv 2010, Gaular kommune sin kulturpris 2012,  Årets Reiselivsperle 2012 og kvalitetsmerket De Historiske frå De Historiske hotel & spisesteder 2014.

    Tor Oxhovd Svalesen

    Sivilingeniør Tor Oxhovd Svalesen er ein aktiv medeigar og viktig pådrivar for fleire selskap i Valdres, og for Bygdeutviklingsprisen 2015 i Oppland er det særleg Stølslie Biovarme AS og Valdres Biovarme AS som har blitt tillagt mest vekt. 

    Stølslie Biovarme AS leverer varme og varmt vatn basert på bioenergi til næringsbygg, bustader og fritidsbustader på Beitostølen, medan Valdres Biovarme AS har konsesjon på å levere varme i Fagernes sentrum. No har entreprenøren starta planlegging av neste generasjon fjernvarme på Beitostølen. Det er også etablert flisterminal og lager på heimgarden. Virket er frå eigen skog og lokale skogeigarar, samt frå avtalar med Statens Vegvesen om rydding langs riks- og fylkesveger. Oxhovd Svalesen har lagt vekt på å reinvestere gevinstar frå eigedomsutvikling i lokal verdiskaping, som har gitt betydelege ringverknader lokalt i Valdres. 

    Oxhovd Svalesen er medeigar i familieselskapet Oxhovd AS, som eiger 63 % av  Stølslie Biovarme AS.

    Folvell gård

    På Årnes i Akershus driv ekteparet Elin og Martin Skovseth allsidig drift med gris på konsesjonsgrensa, såkorndyrking, jordbær, grovfòrproduksjon, skogbruk og leigekøyring.

    Skovseth-paret tek sjølv hand om heile verdikjeda for jordbær; to salsboder på Årnes, direktesal frå garden og sjølvplukk der 6-700 personar er innom like mykje for opplevinga som for bæra. I sesong med jordbæra haustar dei tidlegpotet, og dei deltek i matfestivalen Brød og sirkus på Årnes. Den kinesiske ambassaden har dei siste åra lagt sommarutflukta si til Folvell.

    Det siste året har dei nytta jordbær i ølproduksjon i samarbeid med Sundbytunet, ei konferanse- og serveringsverksemd med eige bryggeri på Jessheim. Ølet er mottatt med stor interesse, og det har vore lagt vekt på gode lokale namn på ølsortane; jordbær-ølet Pløgsle, juleølet Åkkle og påskeølet Skara.  

    Folvell gård har lagt om til miljøvennleg bioenergi med råstoff frå eigen skog, og planlegg ny driftsbygning med produksjonslokale, gardsbutikk, kjølerom og fryserom til jordbær.

     

    Innovasjon Norge

    Kjell Bruvoll, prosjektleder
    kjell.bruvoll@innovasjonnorge.no mob. 958 58 629

    Marianne Mork, senior kommunikasjonsrådgiver
    marianne.mork@innovasjonnorge.no, mob. 414 49 747

    Les mer om Bygdeutviklingsprisen