Hopp til innhold
  • EN
  • Logg inn
  • Mange gode kandidatar til Bygdeutviklingsprisen 2015

    Kven stikk av med 250 000 kroner, heider og ære som vinnar av den nasjonale Bygdeutviklingsprisen for 2015? Svaret får vi i den norske ambassaden i Berlin torsdag 14. januar 2016 i samband med Internationale Grüne Woche.

    Bygdeutviklingsprisen er ein bedrifts- og næringsutviklingspris for dei som har etablert ei vellukka bedrift eller næring med basis i bygdenes og landbrukets ressursar. Det vert kåra fylkesvise vinnarar som får 50 000 kroner.

    Fylkesvinnarane deltek i konkurransen om den nasjonale prisen som er på 250 000 kroner. 3 av fylkesvinnarar vert nominert til den nasjonale prisen og invitert til Berlin, kven dette er vert offentleggjort seinare.

    Kandidatane vert vurdert etter:

    • Økonomisk resultat/lønsemd
    • Nyskaping/originalitet
    • Sosial og miljømessig berekraft, her under utnytting av lokale ressursar, fortrinn og ringverknader i lokalsamfunnet
    • Sysselsetting, særleg for kvinner og ungdom

    Fylkesvinnarar 2015 

    Fylke Fylkesvinnar Les meir om vinnaren og prisutdelinga
    Østfold Klatring på Grensen AS

    Sjå video om prisvinnaren
    Les om vinnaren og prisutdelinga

    Akershus Folvell Gård  
    Oslo Markajentene AS Les om vinnaren og prisutdelinga

    Hedmark Braastads epler Les om vinnaren og prisutdelinga
    Oppland Tor Oxhovd Svalesen Les om vinnaren og prisutdelinga
    Buskerud Økologisk spesialkorn Skandinavia AS Les om vinnaren og prisutdelinga
    Vestfold Foldvik Familiepark AS  Les om vinnaren og prisutdelinga
    Høyr radioinnslag med vinnaren
    Telemark Ikkje kåra  
    Aust-Agder Tor Helge og Turid Arnevik  Les om vinnaren og prisutdelinga
    Vest-Agder Alpakka Lista  
    Rogaland Lena og Geir Joa  
    Hordaland Galleri G Guddal AS  Les om vinnaren og prisutdelinga
    Sogn og Fjordane    Åmot Operagard  
    Møre og Romsdal   Skåla Bær AS Les om vinnaren og prisutdelinga
    Sør-Trøndelag Oppdalsmat AS  
    Nord-Trøndelag Ikkje kåra  
    Nordland Dønnes Gård    Les om vinnaren og prisutdelinga
    Troms Grundnes Gård  Les om vinnaren og prisutdelinga
    Finnmark Ikkje kåra