– Rørosmat er ei god representant for den spennande kreativiteten og nyskapinga som skjer innan og i tilknyting til landbruket og eit uttrykk for at langsiktig strategisk samarbeid mellom bedrifter gjev resultat, sier Anita Krohn Traaseth.
Saman med statsråd Sylvi Listhaug stod administrerande direktør i Innovasjon Norge for den høgtidlege overrekkinga av prisen på 250 000 kroner under ei tilstelling i ambassaden i Berlin i dag i samband med Internationale Grüne Woche.
– Vi ser på prisen som ein stor honnør for at Rørosmat har hatt ein klar strategi som er følgt opp, og som vil vera til stor inspirasjon framover, seier Kristin Bendixvold, dagleg leiar i Rørosmat.
– For ein landbruks- og matminister med stor tru på gründerskap og skaparkraft i landbruket, er det ei stor glede å kunne dele ut prisen til ei bedrift som har lukkast på denne måten, seier Sylvi Listhaug.
Ambisjonen for Rørosmat er å vere den tydlegaste merkevaren innan lokalmat i Noreg. I tillegg vil dei gjere det lett å kjøpe lokal mat. Om kunden ynskjer produkt frå 10 ulike medlemsbedrifter, så blir det likevel berre eitt kontaktpunkt å forhalde seg til. Det gjer at den lokale matbedrifta kan prioritere tida til produksjon og utviklingsarbeid, medan Rørosmat tek imot ordren, leverer og fakturerer. I dag 12 år etter etableringa vil mange hevde at Rørosregionen er den fremste matregionen i Noreg.
Rørosmat vart etablert i 2003. Lokale pionerar hadde då allereie arbeida i fleire år for å fremme lokal mat og samarbeid om marknadsføring og sal. Sidan oppstarten har 15 medlemsbedrifter vorte til 31, femner om så vel små som større, og har i dag over til saman over 100 årsverk og over 200 millionar i samla omsetnad. Felles for medlemsbedriftene er lokalisering, kvalitetskrav og trua på at to pluss to blir meir enn fire.
Mat og opplevingar heng tett saman. På Røros har dyktige, framsynte personar klart å kople reiseliv og lokal mat slik at begge bransjane har vorte styrka. Høg kvalitet, ei lokal historie og gode opplevingar er felles verdiar for mat- og reiselivsbedrifter. Rørosregionen har vorte eit førebilete for andre deler av landet gjennom målretta innsats for å bygge det unike bedriftsfellesskapet.
Rørosmat:
Kristin Bendixvold
Epost: kristin@rorosmat.no
Mobil: 414 06 455
http://www.rorosmat.no/
Innovasjon Noreg
Kjell Bruvoll
Epost: kjell.bruvoll@innovasjonnorge.no
Mobil: 958 58 629