Tor Oxhovd Svalesen med selskapa Stølslie Biovarme AS og Valdres Biovarme AS frå Oppland stakk av med sigeren om den nasjonale bygdeutviklingsprisen til Innovasjon Noreg for 2015.
Saman med statsråd Jon Georg Dale stod Anita Krohn Traaseth for den høgtidlege overrekkinga av prisen på 250 000 kroner under ei tilstelling i ambassaden i Berlin i dag i samband med Internationale Grüne Woche.
Oxhovd Svalesen har fått støtte frå bioenergiprogrammet til Innovasjon Norge, som er ei av dei «grønaste» ordningane til Innovasjon Noreg.
- Innovasjon Noreg har målsetjingar om at ein aukande del av dei prosjekta vi deltek i skal verta stadig meir miljømessig bærekraftig, og i så måte kan bioenergiprogrammet tene som inspirasjon, legg Krohn Traaseth til.
Tor Oxhovd Svalesen er eit godt døme på at landbruket tek energi- og klimautfordringane på alvor. Oxhovd Svalesen som er sivilingeniør i bygg og miljøteknikk frå NTNU, og er også eit godt døme på ein person som dreg ut for å skaffe seg utdanning og kunnskap som han så tek med seg heim, tilpassar til lokale forhold og skapar framtidsretta arbeidsplassar.
Stølslie Biovarme AS og Valdres Biovarme AS har investert betydelege beløp. Trass i låge prisar på straum og olje tener selskapa gode pengar.
Oxhovd Svalesen har også vore ein føregangsmann i å utvikle eigne tomteområde frå rå tomt til ferdig regulerte bustad- og hyttetomter med tilhøyrande infrastruktur som biovarme og fiberkabel. Gjennom utstrakt samarbeid med andre grunneigarar, anna næringsliv og statens vegvesen bidreg verksemda også til betydeleg lokal verdiskaping.