- Johan Fredrik Bråstad Kristiansen oppfyller kriteriene for prisen på ein ekstraordinær god måte; han driv ei innovativ og nyskapande verksemd med solid økonomi, med store positive ringverknader og på ein særs miljømessig berekraftig måte», seier Inger Solberg, direktør for berekraft i Innovasjon Noreg.
Saman med statsråd Jon Georg Dale stod Solberg for den høgtidlege kunngjeringa og utdelinga av prisen under ei tilstelling i ambassaden i Berlin i dag i samband med Internationale Grüne Woche.
Gartneriet produserer blomster og småplanter for blomstergartneri over heile landet. Verksemda sysselset nærare 50 årsverk, og er med det ein betydeleg arbeidsgjevar med positive ringverknader for lokalsamfunn og næringsliv. Mange av arbeidarane er utanlandske, og Kristiansen er kjent for å ha gode og ordna arbeidsforhold for alle tilsette. Kristiansen har også hatt nærare 50 praktikantar frå Ukraina gjennom eit 15 års samarbeid med landbruksuniversitet i landet.
Blomsterproduksjon er utsett for betydeleg utanlandsk konkurranse. Kristiansen driv saman med to andre gartneri selskapet G3 Ungplanter der det vert drive kontinuerleg utviklingsarbeid i samarbeid med norske og internasjonale FoU-miljø og leverandørar. Bl.a. har dei eit av dei største forsøksfelta i Europa der det kvart år vert testa ut 1500 sortar. Eit utviklingsarbeid som er heilt naudsynt for å sorts- og klimatilpasse plantemateriale med kvalitetseigenskapar som gjev norsk produksjon fortrinn og preferansar i marknaden.
Men i motsetning til skomakaren, «bliver ikke Johan Fredrik Bråstad Kristiansen kun ved sine blomster». Kristiansen har gjennom selskapet Algaeomega AS også etablert prøveproduksjon av mikroalgar. Det er bl.a. utvikla ein prototyp som kan halvere kostnaden med dyrking. Prosjektet har oppnådd «Seal of Excellence» gjennom Horizon 2020, forskings- og innovasjonsprogrammet til EU.
- I det grøne skiftet og auka satsing på bioøkonomien treng norsk landbruk og næringsliv satsande og innovative personar som Kristiansen» seier Inger Solberg, og legg til at «vi har forventningar til at satsinga på mikroalgar kan lukkast, at det kan opne seg betydelege internasjonale marknader, og at det ikkje er siste gong vi høyrer om spennande idear med stort potensial i regi av Johan Fredrik Bråstad Kristiansen.»
Innovasjon Norge deler kvart år ut bedriftsutviklingsprisen i landbruket (tidlegare Bygdeutviklingsprisen). Det vert kåra ein vinnar i kvart fylke som får 50 000 kroner. Vinnarane deltek i konkurransen om den nasjonale prisen som er på 250 000 kroner.
Kandidatane må vera bedrifter eller personar med næringsverksemd i basis i landbrukets og bygdenes ressursar, og vert vurdert etter følgjande kriterier:
Kontaktpersonar:
Johan Fredrik Bråstad Kristiansen
Mobil: 909 85 086
E-post: Johan@kristiansengartneri.no
Innovasjon Noreg:
Kjell Bruvoll
Mobil 958 58 629
E-post: kjell.bruvoll@innovasjonnorge.no
Tidlegare vinnarar av den nasjonale bedriftsutviklingsprisen i landbruket
2015 Tor Oxhovd Svalesen, Oppland. Produksjon av biovarme
2014 Rørosmat SA, Sør-Trøndelag Omsetning, logistikk og merkevarebygging lokalmat
2013 Moer gard og Norwegian Antibodies AS Produksjon av egg og antistoff frå egg
2012 Hillestad Gård, Aust Agder. Feriesenter, smykkeproduksjon og galleri
2011 Haaheim Gaard, Hordaland. Gardsrestaurant med høg kvalitet på mat og servering, kulturarrangement m.v.
2010 Bakeriet i Lom, Oppland. Handverksbakeri basert på lokale råvarer
2009 Edel Design AS, Hedmark. Design og produksjon (på gardsbruket i Ringsaker) av norsk klesmerke i reine naturmaterialar.
2008 Ingrid Lekve og Jon Karlsen, Hedmark. Allsidig med sauehald, foredling og omsetning av lam, Inn på tunet ”Levande læring”, Grønn trapp m.v.
2007 Lofotlam, Nordland. Merkevareprodukta Lofotlam
2006 Norsk Matraps, Østfold. Matrapsolja Odelia
2005 Den Gyldne Omvei, Nord-Trøndelag. Felles marknadsføring og profilering av "omvegen" som merkevare på ein heilskapleg måte med omsyn til natur, kultur og kvalitet.
2004 Line Bergsund og Trond Andersen, Buskerud. Trening av travhest. Årets travtrenar 2004.
2003 Pruglhei gård, Nordland. Slakteri, matforedling, servering, gardsbutikk
2002 Steindal Gård, Rogaland. Grøn omsorg, bl.a. bu- og arbeistrening for psykiatriske pasientar.
2001 Gangstad Gårdsysteri, Nord-Trøndelag. Produksjon av camembert, muggost, salatost og konfektost som vert selt gjennom gardsbutikk og spesialbutikkar i Oslo, Stavanger og Trondheim
2000 Solem Sag ANS, Møre og Romsdal. Utnytting av nordmørsfurua til spesialprodukt. Lafteplank, spesialdimensjonar, villmarkspanel, dekksplank og møbelemne av gråor
1999 Fausko gard og skysstasjon, Buskerud. Gard med økologisk drift og nyrestaurert skysstasjon. Kurs- og konferansemarknaden med opplevingar og matkultur.
1998 Aron Mat, Troms. Foredling av kjøtt. Seinare deltakar i eksportframstøyt av fenalår til Italia.
1997 Ivar Løne, Hordaland. Foredling av smalahove og serveringsverksemd der kulturoppleving, smalahove og vossaøl er berande element.