Hopp til innhold
  • EN
  • Logg inn
  • Bedriftsutviklingsprisen i landbruket 2017

    Vinnarane av Bedriftsutviklingsprisen for landbruket 2016 Johan Fredrik Bråstad Kristensen og Anita Kristensen frå Grimstad, flankert av Inger Solberg, divisjonsdirektør for bærekraft i Innovasjon Norge og statsråd Jon Georg Dale.Vidar Alfarnes
    Har du starta ei vellukka bedrift eller næring med basis i landbrukets og bygdenes ressursar? Då kan du vinne 300 000 kroner.

    Innovasjon Norge deler kvart år ut bedriftsutviklingsprisen i landbruket (tidlegare Bygdeutviklingsprisen). Det vert kåra ein vinnar i kvart fylke som får 50 000 kroner. Vinnarane deltek i konkurransen om den nasjonale prisen som er på 250 000 kroner.

    Vi søkjer bedrifter eller personar med næringsverksemd i basis i landbrukets og bygdenes ressursar. Kandidatane vert vurdert etter følgjande kriterier:

    • Bærekraft, her under
      • Økonomisk resultat/lønsemd
      • Sosialt som sysselsetting og ringverknader i lokalsamfunnet
      • Miljømessig som  utnytting av lokale ressursar, fremme av lokal kultur og reduserte utslepp
    • Innovasjon/nyskaping

    Meld deg som kandidat her innan 20.08.2017.