Lik handsaming av landbrukskundar over heile landet

Auka digitalisering og innføring av felles arbeidsprosessar på tvers av fylka skal bidra til meir einsarta handsaming av landbrukssøknader i Innovasjon Noreg. Resultatet er auka effektivisering og kortare sakshandsamingstid for landbrukskundar.

/link/5c0322264f5d4f4ea5fd7a1dcea9aafc.aspx
Foto: Apostoli Rosella/Getty Images

Partnarskapa i fylka, som er sett saman av Fylkesmannen, Fylkeskommunen, fylkeslaga til Noregs Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag, Innovasjon Noreg med fleire, utarbeidar planar og strategiar for landbruksbasert næringsutvikling i fylka. Tidlegare har dei også kunna fastsetje eigne reglar for utmåling av støtte og om det skal vera søknadsfristar og liknande.

Meir felles arbeidsprosessar

Frå nyttår blir søknadsfristar avvikla, og økonomien i prosjekta skal vurderast på same måte på tvers av fylka. Dei regionale partnarskapane skal framleis fastsetje kva produksjonar og område som skal prioriterast.
Utmåling av støtte vil framleis skje individuelt ut frå ei samla vurdering av lønsemd, soliditet og risikoavlastning. For investeringsstøtte er maksimalt kronetak 2 millionar, med unntak for Troms og Finnmark som ikkje har kronetak.

Digitalisering av landbruksoppdraget

I løpet av 2019 vil Innovasjon Noreg lansere ei ny digital løysing og kommunikasjon med landbrukskundar via «Mi side». Den nye løysinga skal gjere det enklare å søke om støtte og samstundes effektivisere sakshandsaminga.

- Den nye løysinga vil bidra til auka effektivisering og kortare sakshandsamingstid for landbrukskundane. Landbrukskunden vil også til ei kvar tid kunne sjå status på søknaden og all kommunikasjon med oss, seier Inger Solberg, divisjonsdirektør for Berekraft i Innovasjon Noreg om den nye løysinga.

Alle fylkeskontora til Innovasjon Noreg skal framleis ha landbruksmedarbeidar. Sakshandsaming vil i hovudsak skje ved fylkeskontoret der prosjektet er lokalisert. For spesialproduksjonar er det aktuelt å nytte spesialkompetanse ved andre fylkeskontor.