• EN
  • Logg inn
  • Bedriftsutviklingsprisen i landbruket 2020

    Grønn Gjødsel AS var vinnar av den nasjonale bedriftsutviklingsprisen i landbruket for 2019. Frå venstre: Landbruks- og matminister Olaug Bollestad, prisvinnarane Janet Narvestad og Lars Riiser Evju i Grønn Gjødsel AS og Inger Solberg, direktør for bærekraft i Innovasjon Norge.  Vidar Alfarnes
    Grønn Gjødsel AS var vinnar av den nasjonale bedriftsutviklingsprisen i landbruket for 2019. Frå venstre: Landbruks- og matminister Olaug Bollestad, prisvinnarane Janet Narvestad og Lars Riiser Evju i Grønn Gjødsel AS og Inger Solberg, direktør for bærekraft i Innovasjon Norge. Vidar Alfarnes

    Har du starta ei vellukka og berekraftig bedrift med basis i landbrukets og bygdenes ressursar? Då kan du bli vinnar av Bedriftsutviklingsprisen 2020 og stikke av med pengepremien på 300 000 kroner.

    Innovasjon Norge deler kvart år ut Bedriftsutviklingsprisen i landbruket. Det vert kåra ein vinnar i kvart fylke som får 50 000 kroner. Fylkesvinnarane deltek så i konkurransen om den nasjonale prisen på 250 000 kroner.

    Grønn Gjødsel AS vinnar i 2019

    I fjor var det Grønn Gjødsel AS frå Rakkestad som vann den nasjonale prisen. Prisen vart delt ut av landbruks- og matminister Olaug Bollestad i samband med Internationale Grüne Woche i Berlin, ei av verdas største mat og landbruksmesser. Dei to andre nominerte var Buggegården frå Vestfold og Ragnhild og Jonas Viken frå Trøndelag.

    - Det var overraskende men utrolig morsomt for oss i Grønn Gjødsel å vinne denne prisen. Prisen er en anerkjennelse på at det vi gjør er riktig og at andre ser det. Prisen er en drivkraft i det videre arbeidet, seier Lars Riiser Evju, dagleg leiar i Grønn Gjødsel AS. 

    No har du sjansen

    I år kan du stikke av med sigeren samt heider og ære. Vi søkjer bedrifter eller personar med næringsverksemd som har basis i landbrukets og bygdenes ressursar. 

    Kandidatane vert vurdert etter følgjande kriteria:

    • Berekraft:
      • Økonomisk resultat/lønsemd
      • Sosialt som sysselsetting og ringverknader i lokalsamfunnet
      • Miljømessig som utnytting av lokale ressursar, fremme av lokal kultur og reduserte utslepp
    • Innovasjon og nyskaping