Hopp til hovedinnhold

50 prosjekt søker Grønn plattform

FinnfjordFoto: Finnfjord AS
Finnfjord AS har jobbet med utvikling av algeproduksjon basert på CO2 fra røykgass og lys (AlgOpti-prosjektet). I 2021 fikk bedriften 44,5 millioner kroner gjennom Grønn Plattform.
Det er prosjekt mellom anna innanfor energi, gjenvinning og maritim elektrifisering. Forskingsrådet, Innovasjon Noreg og Siva skal behandle søknadene. Tildelingane blir offentleggjorde før jul 2022.

Grøn plattforms målsetjing er å akselerere grøn omstilling i næringslivet. Næringslivet, forskingsinstitusjonar og katapultsenter må jobbe saman for at vi skal klare å realisere dei store grøne prosjekta som gjer at Noreg skal lykkast med omstillinga av økonomi og næringsstruktur. Vi i Forskingsrådet, Innovasjon Noreg og Siva synest det er gledeleg å sjå at heile næringskjeder viser ei enorm drivkraft til omstilling.

Regjeringa har øyremerkt inntil 750 millionar kroner til Grønn plattform-ordninga som skal finansiere treårige grøne innovasjonsprosjekt. Formålet er å utvikle eit berekraftig næringsliv som tek vare på klima og miljø og skaper langsiktige økonomiske verdiar.

Omstilling av verdikjeder er avgjerande for å få tildeling frå Grønn plattform. Bak dei 50 prosjektsøknadene står det totalt 577 prosjektpartnarar som representerer heile verdikjeder innanfor ei rekkje ulike bransjar. Til saman er det søkt om 3,1 milliardar kroner. Nær halvparten av søknadene omfattar bruk av eit katapult-senter, som får offentleg støtte for å tilby fasilitetar, utstyr, kompetanse og nettverk til små og mellomstore bedrifter over heile landet.

Aktørar i alle fylka i landet har søkt om støtte frå Grønn plattform, med ei overvekt frå Rogaland, Trøndelag og Viken.

Alle bransjar kan søke Grønn plattform. Rundt ein tredel av søknadene er innan energi og omfattar tema som havvind, hydrogen og elektrifisering. Nær 10 prosent av søknadene omfattar tema som gjenvinning og resirkulering i industrien. Innan maritim sektor handlar prosjekta om nye energiberarar og elektrifisering. Blå bioøkonomi er hovudtema innan det marine.

Publisert :
Sist oppdatert :