Hopp til hovedinnhold

Hareid

Vekst i Hareid skal identifisere det som er unikt i Hareid kommune og målretta jobbe for å bygge attraktivitet på dette. Både næringslivet og plassen vi bur på har unike kvalitetar som vi skal løfte fram. På denne måten vil vi bygge eit robust samfunn som er berekraftig over tid.

Bakgrunn

Ein stor del av bedriftene i Hareid er retta mot ein maritim marknad som dei siste åra har vore ramma av ein lang og utfordrande nedtur. Dette såg ein resultatet av gjennom redusert sysselsetting og auka arbeidsløyse. Hareid fekk derfor status som omstillingskommune i 2019.

Om prosjektet

Vårt hovudmål er auka sysselsetting og verdiskaping i Hareid kommune. Prosjektet er bygd opp av eit hovudmål som seier at Vekst i Hareid skal bidra til å legge grunnlaget for næringsutvikling og auke verdiskapinga i bedriftene. Prosjektet skal bidra til å skape og sikre eksisterande arbeidsplassar, styrke robustheita og variasjonen i næringslivet, samt auke utviklingsevna i næringslivet og kommunen.

Vekst i Hareid er næringslivet og kommunen sitt felles organ for nærings- og samfunnsutvikling. Prosjektet er organisert med ein prosjektleiar og eit styre beståande av personar meg høg kompetanse frå næringslivet. I styringsgruppa sit også observatørar frå kommunen, fylkeskommunen, næringsforumet og Innovasjon Norge.

Utviklingspotensiale

Tradisjonelt har Hareid alltid hatt ei nær tilknyting til havet, gjennom både fiskeri og fangst. Som ei viktig brikke i ishavsnæringa og som ei betydeleg fiskerihamn har Hareid lange tradisjonar og mykje erfaring knytt til havet. Den maritime næringa har også i stor grad prega bedriftene våre. Likevel ser vi at omstillingane opp gjennom tidene har vore tøffe, og tradisjonar og kulturar har nærmast døydd ut fordi ein ikkje har evna å vere med når marknaden snur. Med den tilgangen Hareid har til havet og ei kystlinje som dei fleste berre kan misunne oss, har vi store forutsetningar for å bruke havet meir i næringsaktivitet i framtida og enda til ta ein posisjon som set Hareid på kartet i denne samanheng.

På Hareid har vi bedrifter som konkurrerer i ein internasjonal marknad og nokon av dei er verdsleiande på det dei driv med innanfor si nisje. Dette er heilt unikt, men dessverre inga sjølvfølgje. Konkurransen er knalltøff, teknologiutviklinga går raskt og bedriftene må legge ned enorm innsats for å halde ein slik posisjon. Tilgang på kompetent arbeidskraft er kanskje næringslivet sitt største hinder for vekst i framtida.

For at bedriftene i Hareid skal tiltrekkje seg den kompetansen dei treng, må Hareid også vere ei attraktiv bukommune. Dette er Hareid kommune sitt ansvarsområde, men fordi det heng tett saman med dette prosjektet har ein valt å ta det inn som ein del av Vekst i Hareid. Saman skal vi jobbe for at Hareid blir attraktivt både for å drive næring og som busettingskommune. Hareid ligg berre 30 minutt frå Ålesund, som er vekstmotoren i regionen vår, og representerer eit knutepunkt i ein kraftig verdiskapande region. Derfor har vi alle moglegheiter til å lukkast i dette omstillingsarbeidet.

For meir informasjon om prosjektet sjå www.vekstihareid.no eller følg oss på Facebook og Instagram.

Kontakt

Har du spørsmål til Vekst i Hareid? Ta kontakt med:

Julie Sundgot Andersen
Prosjektleiar
+47 993 81 006
jsa@hareid.kommune.no


Publisert :
Sist oppdatert :