IFU/OFU: Når måla sine på ein god måte

Ei evaluering over fem år viser at IFU/OFU-programmet i større grad enn før gir læring, innovasjon og auka verdiskaping. Funna tyder på at modellen bør nyttast på fleire prosjekt og finansieringsordningar.

Meir av det gode er tittelen på evalueringa av programmet for perioden 2006-2011. Undersøkinga er utført av analyseselskapet Oxford Research, som kallar tittelen på evalueringa for både konklusjon og anbefaling.  Resultata viser at programmet oppnår konkrete resultat og scorar særs godt i forhold til Innovasjon Noregs andre verkemiddel.

Forpliktande samarbeid gir meirverdi
Evalueringa viser at utviklingssamarbeidet mellom leverandør og pilotkunde bidreg til å skape ein meirverdi.  IFU/OFU-programmet er med på å utvikle konkurransedyktige leverandørbedrifter, men det gir også gir substansiell verdi for pilotkundane i privat og offentlig sektor.

Evalueringa viser også at programmet bidreg til å sette i gong ei lang rekke utviklingsprosjekt som ikkje ville blitt realisert utan tilskota. Oxford Research anbefaler difor at OFU styrkast som reiskap for innovasjon i offentleg sektor, og at arbeidsforma som er særprega for IFU/OFU bør nyttast i større grad også for prosjekt som er finansiert av andre kjelder enn dette programmet.

Marknadsorienterte bedrifter lukkast best
Marknadsorienterte bedrifter får mest ut av ordninga. Dette er bedrifter som forstår kundane sine uttrykte og latente behov, og såleis utviklar overlegne løysingar retta mot desse behova.

Vidare viser evalueringa at i dei bedriftene som lukkast best, er prosjektet strategisk forankra, og dei går inn i samarbeidet på eige initiativ, med eit ønske om å få innsikt i marknadsbehov og kommersialiseringsmoglegheiter, samt tilgang til ekstern teknologisk kompetanse.  Modellen fungerer like godt for nyetablerte og modne bedrifter.

Samfunnsøkonomisk lønnsamt
Prosjekta som får støtte gjennom IFU/OFU-programmet er komplekse og langvarige i sin natur. For å vise effekten av ordninga på lang sikt, er det gjennomført ei samfunnsøkonomisk analyse med utgangspunkt i dei verksemdene som tok imot finansiering i perioden 1999-2005. Denne konkluderer evalueringa med at IFU/OFU-ordninga er samfunnsøkonomisk lønnsam. 

Tilskotet frå Innovasjon Norge utløyser anna finansiering i stort omfang. 1,5 milliardar frå Innovasjon Norge har i åra 2006-2011 løyst ut nær 4,4 milliardar frå andre kjelder. På kort sikt skaper programmet betydelege kompetanseeffektar i bedriftene, medan det på lengre sikt også gir positive økonomiske effektar.

Innovasjon Noreg meiner at evalueringa både bekreftar at ordninga gir gode resultat, men også gir solide innspel til vidareutvikling.