Vil du ha de siste nyhetene fra Innovasjon Norge?
  • EN
  • Logg inn
  • Satsar på robotfjøs og samdrift

     Straumsnes mjølk og kjøt
    Straumsnes mjølk og kjøt

    Straumsnes mjølk og kjøt DA har gått mot straumen av nedleggingar av gardar og bygd opp eit veldrive moderne landbruksføretak med robotmjølking.

    Straumsnes mjølk og kjøt, forkorta SMOK, driv felles mjølke- og storfekjøtproduksjon på kysten i Vestland fylke. Med mange nedlagte gardsbruk rundt seg og berre hundre innbyggjarar i nærområdet, utgjer samdrifta ein stor skilnad både som arbeidsplass, møteplass og pleiar av kulturlandskapet.

    Føretaket formulerte ein visjon og strategi for drifta si før dei søkte Innovasjon Noreg om tilskot til bygging av driftsbygningen i 2007. Dei skulle mellom anna bidra til at minst ein av eigarane kunne ha jordbruket som leveveg, og at dei andre skal kunne hente hovudinntekta si utanom bruket - utan at det forringa jordbruksdrifta.

    God agronomi er meir klimavennleg

    I 2019 vann føretaket Bedriftsutviklingsprisen i landbruket i Sogn og Fjordane saman med Storfeprosjektet. Dagleg leiar i samdrifta, Kjartan Åsnes, fortel at Innovasjon Noreg har ein del av æra for at bøndene torde å satse på ei framtid med mjølk- og kjøtproduksjon.

    - Då vi bygde nytt i 2007 og ved ombygginga i 2014, var tilskot og rentestøtte frå Innovasjon Noreg svært viktig for finansieringa og for ein best mogleg driftssituasjonen etterpå. Samdrifta og satsinga byrja med Storfeprosjektet, eit prosjekt for å ivareta Sogn og Fjordane sin del av mjølkeproduksjonen i landet. Kunnskapen og engasjementet til prosjektleiaren smitta fort over på oss, noko som gjorde oss sikre på at dette var rett å satse på, seier Åsnes.

    Resultatet er ein årleg produksjon på 430 tonn mjølk og 15 tonn storfekjøt, som i stor grad er basert på lokal grasproduksjon. God pleie av grovfôrarealet er avgjerande for å sikre høge avlingar av god kvalitet. Høge avlingar reduserer arealkravet og fører til mindre behov for kjøp av grovfôr. Dette er med på å redusere drivstoffforbruket og utslepp av klimagassar frå føretaket.

    Framsnakkar landbruket

    - Straumsnes Mjølk og Kjøt DA er ein veldig dyktig produsent, og eit føregangsbilete for landbruksføretak generelt og samdrift spesielt. Mange har vore innom portane deira og fått ei engasjerande orientering, lese oppdateringar på nettsidene eller høyrt eigarane fortelje om føretaket på ulike samlingar. Dei er ein døropnar, rosar Kristine Kopperud Timberlid, avdelingsleiar for Innovasjon Noreg Vestland.

    SMOK er ei samdrift i ordet si rette tyding. Dei er samde om at alle skal delta aktivt i arbeidet, og eigarane har regelbundne styremøte.

    - Vi diskuterer og legg planar på grunnlag av oppdatert informasjon om den økonomiske og driftsmessige stoda. Avlingsnivå, kvalitet på fôrprøver, mjølkekvalitet og avdrått er alle avgjerande for at vi har dagens produksjonsomfang, hovudsakleg basert på lokale ressursar, understrekar heiltidsbonden Åsnes.

    Framover ønskjer dei å auke fokuset på kvalitet og kostnad knytt til grovfôr, samt minske bruken av kraftfôr. Auka kjøtproduksjonen kan og vere aktuelt.