• EN
  • Logg inn
  • Brukar restprodukt i ny brennevin

    Jann og Synnøve produserer ei rekke produkt på garden både med og utan alkohol. Produktvariasjonen er stor og går frå forskjellige eple og fruktmostar til sidera, likørar og mange ulike brennevinstypar. Gardsbrenneriet
    Jann og Synnøve produserer ei rekke produkt på garden både med og utan alkohol. Produktvariasjonen er stor og går frå forskjellige eple og fruktmostar til sidera, likørar og mange ulike brennevinstypar.Gardsbrenneriet

    Gardsbrenneriet har utvikla eit nytt produkt. Dei er dei første i Noreg som lagar brennevin basert på myse - eit restprodukt frå meieria.

    Då kjemikarane og ekteparet Jann Vestby og Synnøve Vik Bergstad flytta til Gloppen for å overta fruktgarden i hennar familie, starta dei forsiktig opp med drikkevareproduksjon. Nokre år seinare vart Gardsbrenneriet etablert.

    Eigarane har spesialisert seg på å nytta frukt og bær som tidlegare ikkje gav meirverdi for bonden på grunn av kvalitetsavvik. Desse råvarene foredlar dei til fyrsteklasses varer som likør, sider og alkoholfri most, og leverer til Vinmonopolet, lokale butikkar, hotell og restaurantar.

    Nyskapande tilleggsnæring 

    - Støtta vi har fått frå Innovasjon Norge har vore avgjerande for at vi har kome dit vi er i dag, og vi set enormt stor pris på samarbeidet vi har. Utan dette samarbeidet hadde vi nok aldri turt å ta steget med å flytte frå gode, sikre jobbar i Oslo til å satse på nyskaping og produktutvikling på eit Vestlandsbruk i Gloppen, seier Jann Vestby.

    Innovasjon Noreg har frå oppstarten og fram til no bidrege med etablerartilskot, støtte til vekst og hjelp frå mentor. Dei har fått tilskot i samband med generasjonsskiftet, tilskot til planting av eple og investeringstilskot til produksjonslokale som Gardsbrenneriet leiger av garden.

     

     

    - Vi har bidrege betydeleg i denne etableringa, fordi vi har vurdert at Gardsbrenneriet er ei nyskapande tilleggsnæring med stort potensial på ein tradisjonell fruktgard. Personane som står bak har solid fagleg kompetanse, og dei evnar å tenkja nytt gjennom nye produksjonsmetodar og utradisjonelle råvarer, seier avdelingsleiar ved Innovasjon Norge Vestland i Sogndal, Kristine Kopperud Timberlid.

    Ho fortel at dei også har lagt til grunn dei effektane som denne etableringa har hatt for verdiskapinga i Nordfjord-regionen. Regionen har dei seinare åra satsa stort på auka frukt- og bærproduksjon. Gardsbrenneriet har vore flinke til å samarbeide med andre produsentar og tilby leigeproduksjon. Mellom anna er likøren som vart kåra til verdas beste i 2018 produsert hjå Gardsbrenneriet for Fjording.

    Utnyttar lokale råvarer

    Enkelte av produkta blir produsert ved at smaksstoffa trekkjast ut ved hjelp av sprit (geist) og ikkje destillasjon. Dette var dei ein av dei første i landet til å gjera. I tillegg har dei utvikla eit heilt nytt produkt basert på eit overskotsprodukt frå meieria, nemleg myse. Resultatet er ein særegen gin som no er ute i marknaden.

    - Vi har heilt vegen ynskt å bruke garden, råvarene og ressursane som finst her i Gloppen og i Nordfjord til å lage gode produkt med fokus på gode smakar, god råvareutnytting og ikkje minst å auke lønnsemda til alle dei flinke bøndene vi kjøper råvarer frå, seier Vestby.

    Fram til no har all landbruksetanol (brennevin) vorte produsert av Hoff potetindustri. Gardsbrenneriet produserer no brennevin basert på myse og er dermed blitt ein ny aktør innan dette området. Dei forventar ei omsetning på om lag fem millionar kroner i 2020. Framover vil ekteparet teste fleire råstoff og restar for alkoholproduksjon, utvikle eit kompetansesenter og satse mot nye marknader.