29-2 Aurland

– Vi driv ikkje med sau og kyr, men vi har fått lys i husa på ein gard som har lege brakk i 30 år. Vi og gjestane våre bur her, og brukar gardens og bygdas ressursar på ein ny måte, seiar ekteparet Vike. 29-2Aurland/Montage
– Vi driv ikkje med sau og kyr, men vi har fått lys i husa på ein gard som har lege brakk i 30 år. Vi og gjestane våre bur her, og brukar gardens og bygdas ressursar på ein ny måte, seiar ekteparet Vike.29-2Aurland/Montage

Ein million i støtte frå Innovasjon Noreg gjorde det mogleg å tilsette fleire i reiselivsverksemda 29-2 Aurland. Det har vore avgjerande for å overleva.

Tone Rønning Vike og Bjørn Vike flytta til Aurland for å bli "moderne" bønder. Ekteparet driv det populære gardshotellet 29-2 Aurland i Nærøyfjorden Verdsarvpark, og har sidan 2014 tilbydd overnatting, servering og annleis opplevingar.

- Sidan oppstartsåret 2014 har vi seksdobla omsetjinga og har i dag 4,5 årsverk. Vi har fått ei unik kundeportefølje i fleire land over heile verda, fortel Tone stolt.

Stolt er også avdelingsleiar Kristine Kopperud Timberlid i Innovasjon Noreg Vestland.

- 29-2 Aurland tek vertskapsrolla si på alvor. Dei treff kundegruppa med autentiske mat- og naturopplevingar. Berekraft og kvalitet ligg til grunn for alt dei gjer, rosar ho.

Uvurderleg hjelp

Ekteparet Vike fortel at Innovasjon Noreg har gitt dei ryggmarg til å satse på eigne visjonar og overleve dei fyrste tøffe åra som oppstartsbedrift.

- Innovasjon Noreg har stilt riktige spørsmål frå dag ein, noko som har skjerpa oss og tydeleggjort måla vi peilar etter. I etableringsfasa fekk vi støtte til lage ei profesjonell nettside, og finansiering for vekst gjorde det mogleg å tilsette nokon ekstra hender då vi var heilt i kjellaren sjølve. Hjelpa har vore av uvurderleg verdi, understrekar Tone.

Ho fortel at å væra gründer betyr hardt arbeid, mange forsakingar og mykje pengar ut. Dei har investert omlag 14 millionar kroner på garden sidan dei flytta frå Bergen i 2012. Satsinga har tæra på helsa og familieliv.

- Det er ikkje rart at mange gründere gjev opp etter nokre få år. Du må gå "all in". Innovasjon Noreg kan gje deg mot til å satsa, men du må tørre å hoppe sjølv. Eg trur det er veldig viktig at gründere må investere solid av egen lomme før dei kan få støtte frå Innovasjon Noreg.

Små fotavtrykk 

Den gamle bygningsmassen på garden er foredla gjennom restaurering, ombygging, påbygg og nybygg. Dei driv ikkje med dyr, men brukar gardens ressursar på ein ny måte, blant anna til kjøkkenhage, elvefiske, stølsbesøk og kulturformidling.

I visjonen "Vandrarhjarte" ligg noko meir enn det å væra ein cruisedestinasjon. Verksemda treff helseturismetrenden med sine "slow adventure"-aktivitetar som å gå, vandre, sykle, ro og padle. Når dette skjer i eit unikt fjell- og fjordlandskap i Indre Sogn og kombinerast med økologisk og lokal mat, har dei utvikla ei suksessoppskrift.

- Tanken vår er at vi skal setja små fotavtrykk i verdsarvområdet, og at turismen skal kome lokalmiljøet til gode. Målet er å bli den første økoturismesertifiserte reiselivsverksemda i det nye fylket "Vestland", seiar Tone.

Internasjonal medieomtale

Gardshotellet har fått innpass i den såkalla "high end"-marknaden og vendar seg til ei betalingsvillig, velutdanna og sprek kundegruppe. Dei er omtalt i verdas leiande finansmagasin "Forbes" og aviser som "New York Times" og australske "Financial review". Nederlandsk og fransk fjernsyn har sendt innslag i beste sendetid.

I 2018 vann gardshotellet Bedriftsutviklingsprisen i landbruket i Sogn og Fjordane for måten dei jobbar på og bidreg til eit berekraftig reiseliv i kommunen. Alt tek utgangspunkt i ressursane på garden og nærområdet, og dei samarbeider tett med andre lokale aktørar.

I 2019 ynskjer vertskapet å spisse konseptet endå meir og tilsetje personale for ytterlegare avlasting.