Mestseljande sider på Vinmonopolet

/globalassets/casehotell-2018/3r4a0484.jpg?width=1168
Foto: Pernille Sommer

Olav Bleie er eplebonden frå Hardanger som droppet doktorgradstudiane for å løfte slektsgarden inn i ei ny tid som siderprodusent.

Alde sider hatt ein eventyrleg utvikling, og er i dag Vinmonopolet sin mestseljande sider i 1. halvår 2018. Olav Bleie, mannen bak suksessen til Alde sider, vart nyleg heidra med bedriftsutiklingsprisen i landbruket i Hordaland.

- Denne prisen betyr utroleg mykje for meg, både som ein anerkjenning av det arbeidet som allereie er lagt ned i produksjonen, men også som ein motivasjon for det videre arbeidet, seier han.

- Vi er stolte over samarbeidet og meiner satsinga til Olav Bleie er eit godt føredøme for andre innan mat og reiseliv. Sider er ikkje lenger ein nisjeproduksjon, men skaper reelle og betydelege verdiar i regionen, seier Nina Broch Mathisen, leiar av Innovasjon Noreg Vestland.

Design og merkevarebygging

Bonden på Bleie gard fortel at samarbeidet med Innovasjon Norge har gjeve han ny kompetanse, og tilgang på kapital har mogleggjort raskare vekst i selskapet.

- Eg er spesielt fornøgd med rådet om å bruke meir pengar på design og merkevarebygging. Det har vore avgjerande for den suksessen Alde Sider har hatt i marknaden.

Kundeansvarleg for Olav Bleie hos Innovasjon Norge Vestland, Åge Bremer, har mykje positivt å si om innovasjonsevnen og framgangsmåten.

- Olav Bleie såg tidleg den store effekten som prosessering av eple og frukt kan ha. Ved å gjere frukt om til flytande vare, er marknaden villig til å betale tre til fem ganger i forhold til kiloprisen. Det andre som er positivt er at Olav Bleie snakkar for heile fruktnæringa og arbeider for at alle produsentane skal dra i same retning. Vi oppfattar han som ein dyktig fagperson som jobber rasjonelt for å styrke fruktgarden og samstundes utvikle Hardanger som siderdestinasjon.

Toppscore i Aftenposten

Nye reglar for sal av sider har ført til ei enorm utvikling og i dag finn vi 13 siderprodusentar med profesjonelt løyve i Hardanger.

Frå oppstarten i 2015 med 2000 liter sider, har Olav Bleie hatt ein formidabel vekst i produksjon og omsetning. Hittil i år har han selt 50 000 liter sider, og i 2019 vert dette auka til 75 000 liter. Aftenposten har gjeve Alde sider toppscore, og sideren vert servert på dei aller beste Oslo-restaurantane.

Det aller meste av omsetninga går via Vinmonopolet, men han sel òg 5-10 000 liter sider direkte frå garden. Etterspurnaden er upåklageleg og i periodar av året går verksemda tom for varer. Verksemda sysselset førebels fire årsverk.

Hardanger = sider

I tillegg å vere ein dyktig fagmann ivrar bonden på Bleie for samarbeid, omdømmebygging og merkevareutvikling. Han er engasjert og utadvendt, og vert ofte brukt som foredragshaldar.

- Eg har eit mål. Når du høyrer ordet Hardanger, tenkjer du ikkje fyrst og fremst på fjord og fjell, men på sider. Då har me fått det te.