• EN
  • Logg inn
  • Overnatting og opplevelser i historiske omgivelser

    På Haaheim Gaard blir lokalprodusert mat og drikke servert i ei heimekoseleg og humoristisk ramme. Haaheim Gaard
    På Haaheim Gaard blir lokalprodusert mat og drikke servert i ei heimekoseleg og humoristisk ramme.Haaheim Gaard

    Haaheim Gaard er eit historisk hotell som har gått frå nokre få restaurantbord i 2009 til ei omsetting på 16 millioner kroner og 21 årsverk i 2017.

    Kjernen i opplevinga er god lokalprodusert mat og drikke som blir servert i ei heimekoseleg og humoristisk ramme. I tillegg kan besøkande få med seg konsertar, opera og fagprogram.

    Innehavar og dagleg leiar Torstein Hatlevik har knekt koden med å selja mat- og gardsopplevingar til eit kresent Bergenspublikum.

    – Eg hadde eit ønskje om å starta noko på garden eg budde på og bidra til lokale arbeidsplasser. No er vi eit hotell med fullt hotelltilbod og er ein kulturlevrandør av unike opplevingar, sier Hatlevik, og legg til at både norske og utanlandske gjester finn vegen til garden på øya Tysnes.

    – Innovasjon Noreg avgjerande

    Det er investert cirka 45 millionar kroner på Haaheim sidan 2009, og tre av dei millionene kjem frå Innovasjon Noreg. Hatlevik er tydeleg på at støtten i form av finansiering og kompetanse har vore avgjerande for selskapets utvikling og vekst.

    – Innovasjon Noreg har vore avgjerande for at Haaheim Gaard er kome dit selskapet er i dag. Ved sida av finansiering, har Innovasjon Noreg hjelpt til å etablere merkevaren og tilført viktig kompetanse. Utan kompetansen, ville vi ikkje hatt moglegheit til å gjera dei kloke vurderingane og valga, understrekar Hatlevik.

    Synergiar i lokalsamfunnet

    Tre prosent av hotellkundane kjem frå tredjepartskanalar og to prosent er yrkestrafikk. Resten av kundane har Haaheim Gaard som destinasjon.

    – Tala fortell at vi må være utruleg strukturerte på kundereisa og sikra kundane gode opplevingar. Vi jobbar saman med eksterne og dei tilsette for å heile tida evaluera korleis vi jobbar, og korleis kunden opplever produktet vårt. Vi har utvikla system for å måle dette, slik at vi har verktøy for å gjera produktet vårt betre heile tida, informerer hotellsjefen, som kan vise til ein vekst på 30 prosent så langt i år.

    Frå sjøbu til bakeri

    Hatlevik har kjøpt ei eldre sjøbu på Uggdalseidet, som ligg fem kilometer frå garden. Der er han i ferd med å restaurera den gamle handelsstaden E H Vaage. Bygget blir ferdig til jul 2018.

    Sjøbua vil bli bygd om til eit lite handsverkbakeri med kapasitet på cirka 300 brød om dagen, gardsmatutsal i den gamle butikken og galleri i stovene oppe. Det er også plan om ecomuseum av det gamle bakeriet som står der slik det blei bygd i 1902.

    Profileringsfilm som er laget med støtte fra Innovasjon Norge: