• EN
  • Logg inn
  • Hasla

    I 2018 valde verksemda å dela merkenamnet, slik at bunadssølv heitar Fossensylv og moderne design heitar Hasla. Janne Rugland
    I 2018 valde verksemda å dela merkenamnet, slik at bunadssølv heitar Fossensylv og moderne design heitar Hasla.Janne Rugland

    Hasla produserer handlaga bunadssølv og moderne smykke for den norske marknaden. No veks dei og har ambisjonar om eksport dei komande åra.

    Hasla vart starta av ekteparet Grete Fossen og Ørnulf Hasla i 1982, og i dag er båe døtrene med i verksemda. Lenge var det berre produksjon av bunadssølv, men frå 2008 satsa dei fullt på moderne smykke også. I 2018 valde dei å dela merkenamnet, slik at bunadssølv heitar Fossensylv og moderne design heitar Hasla.

    – Det er framleis same verkstad og same teamet bak, men vi jobbar mot ulike målgrupper og segment. Det er utroleg spanande å jobba med både handverk og design, og ha mogelegheit til å utvikla seg i to ulike marknader, fortel Gunnhild Hasla som er Brand manager. Søstera Anne er sjefsdesigner.

    Delfinansiering frå Innovasjon Noreg

    Verksemda har fått god hjelp frå Innovasjon Noreg over fleire år. Det gjeld blant anna delfinansiering av arbeidet med å jobba fram ein tydeleg merkevarestrategi og korleis kommunisere i dei eksterne kanalane. Prosessen med å skilja dei to produktlinjene vart for eksempel delfinansiert med distriktsutviklingstilskot.

    – Støtta har betydd veldig mykje for oss! Vi har fått utvikla konseptet vårt ytterlegare og fått midlar til å opna nettbutikk. Vi har hatt stort utbytte av å jobba med ein rådgjevar gjennom FRAM-programmet, ikkje minst delta på samlingane for å møta andre bedrifter vi kan læra av og byggja nettverk med, fortel Gunnhild.

    Ønsker vekst på moderne smykke

    Selskapet er ein viktig arbeidsplass i Valle i Setesdal med elleve tilsette. Hasla har også eit dotterselskap, Hasla Markveien AS, i Oslo med eige utsal av smykke.

    Dei moderne smykka er tufta på ein enkel, stilrein og nordisk designfilosofi, og vert selt via motebutikkar, livstilbutikkar og gullsmedkjeder i Noreg. Halsa ønsker å eksportera til utlandet og startar med Danmark i 2019.

    Bunadssølvet vert selt til bunadstilverkarar, husflidbutikkar og direkte til sluttkundar. Reiselivet har vore eit viktig segment i mange år, og salet går gjennom store aktørar som Hurtigruta, Nordkapphallen og Norsk Folkemuseum.

    Unge ressursar i sølvsmedfaget

    Dei arbeidar aktivt for å auka interessa og ta vare på unge ressursar i sølvsmedfaget. Opp gjennom tida har dei hatt 61 lærlingar og oppnådd 42 sveinebrev i faget.

    – Handverket er viktig for Hasla, og på verkstaden arbeider både unge og eldre faglærde side ved side. God design startar med en gjennomtenkt visjon og høy kvalitet. Dette er kjernen i merket vårt, og det viktigaste i det vi gjer, seiar Gunnhild.

    Hasla
    Valle