Hoven Loen

 Hoven Loen
Hoven Loen

Allereie før den offisielle åpninga våren 2017 blir Hoven Loen karakterisert som eit moderne turistikon og eit av dei største og mest storslåtte reiselivsprosjekta i Norge. Den nye pendelbanen i Loen i Stryn skapar ny giv og forventingar i reiselivsnæringa i heile regionen.

Når banen opnar i mai 2017 skal turistane bokstaveleg talt få sveve opp frå fjorden til fjellet Hoven, 1011 meter over havet. Nokre får minuttar tek turen opp til toppen, der dei reisande kjem til restauranten som byr på eit 210 graders panoramautsyn over fjell, bre og fjord. Frå Hoven kan turistane oppleve høgfjellet på eiga hand eller med guide, til fots, på sykkel eller på ski. Mogelegheitane vil vera mange - året rundt!

Målet er nettopp at den nye pendelbana skal skape eit reiselivsprodukt med opplevingar heile året gjennom. Loen kan allereie by på ei rekkje reiselivsprodukt med opphav i spa-, konferanse og opplevingshotellet Alexandra, Loen Active med klatrestien Via Ferrata, Briksdalsbreen og arrangementet Skåla Opp. Pendelbanen skaper nye opplevingsarenaer både ved fjorden og på fjellet.

Banen er lokalisert nær cruisehamna i Olden, noko som ytterlegare sikrar besøk. Allereie første året er det rekna med 65 000 besøkjande, noko som vil sikre prosjektet nødvendig lønsemd. Prosjektet er organisert i selskapet Hoven Loen AS, der Hotel Alexandra AS, det sveitsiske selskapet Garaventa, Nordfjord Kjøtt AS og Stryn kommune er dei største aksjonærane. I tillegg er fleire bedrifter i regionen inne på eigarsida i prosjektet.

Den samla investeringsramma er på rundt rekna 280 millionar kroner, ca halvparten av dette er sikre gjennom aksjekapital frå eigarane. Innovasjon Norge har støtta prosjektet og vurderer det som eit viktig fyrtårnprosjekt med potensiale til å gje store ringverknader innan reiselivet i regionen.

Hoven Loen
Loen/Stryn