• EN
  • Logg inn
  • Dyrkar frukt på heiltid

    Over 90 dekar med eple, plommer og morellar skal haustes kvart år. Her er Iren Lunde Sekse ved dei bugnande epletrea. Sekse
    Over 90 dekar med eple, plommer og morellar skal haustes kvart år. Her er Iren Lunde Sekse ved dei bugnande epletrea.Sekse

    Investeringstilskot frå Innovasjon Noreg gjer at ekteparet Sekse satsar på ein driftsmetode som aukar fruktproduksjonen.

    I 2018 vart det gjennomført eit generasjonsskifte på garden i Hardanger, der Reidar Sekse og Iren Lunde Sekse tok over etter hans foreldre. Begge hadde solid kompetanse innan fruktdyrking, og ønska å drive med dette framover.

    Hundre tonn frukt

    Etterspurnaden etter meir norsk frukt er stor, og ekteparet er ein viktig bidragsytar.

    - Over 90 dekar med eple, plommer og morellar blir heile hundre tonn frukt, som skal leverast til fruktlageret i løpet av hausten. Frukta kjem i mange fargar, storleikar, fasongar og smakar. Det er viktig å satse på dei sortane som kundane vil ha, og som fruktlageret anbefalar å plante, seier Reidar Sekse.

    Ny driftsmetode krev kapital

    Å plante morellar under tak i tunnelar er ein del av den vidare fruktsatsinga, og planen er at den fyrste plantinga skal gjerast til våren. I ein tunnel kan ein styre klimaet betre og produsere frukta under stabile tilhøve, noko som gjev kontrollert modning og større avling. Sprøytebehovet reduserast også.

    Investeringstilskot og regionale distriktmidlar frå Innovasjon Noreg er med på å redusera risikoen når ekteparet satsar på nye driftsmetodar.

    - Å vekse er utfordrande og støtta gjer at vi avlastar likviditeten, spesielt i ein oppskaleringsfase. Vi gjer ei stor investering no, og støtta er eit viktig bidrag til at vi valde å satse på denne driftsmetoden, fortel dei.

    Morellar legg grunnlaget

    Morellar er det fruktslaget som kjem tidlegast på marknaden, og er med på å leggje grunnlaget for sal av plommer og eple. Fruktprodusentane i området dreg nytte av kvarandre ved å byggje merkevara Hardangerfrukt.

    Hos Sekse gjev fruktproduksjonen arbeid til heile familien og fleire sesongarbeidarar. Det er mange oppgåver som skal gjerast i det brattlente terrenget, blant anna planting, skjering, tynning, gjødsling, skadehandtering og hausting.

    - Det er krevjande å klare jamne store avlingar med god kvalitet kvart år. Det er vanskeleg å sjå på førehand korleis ein sesong blir, då veret er svært varierande. Berre dei tre siste åra har starten på haustinga variert med fire veker, noko som gjer det utfordrande å ha nok arbeidsfolk på rett tidspunkt, forklarar Sekse.

    Sekse gard
    Ullensvang