• EN
  • Logg inn
  • Gjer naturkrefter til turistattraksjon

     David Zadig
    David Zadig

    Bedriftsnettverket Stormwatching Norway har gått saman om å leggje til rette for heilårsturisme langs kysten. Dei er allereie i gong med å selje opplevingar i ruskevêr.

    Transport- og turselskapet Go Fjords og reiselivsbedrifter langs kysten av Sogn og Fjordane har gått saman om å selje stormpakkar. Aktørane i bedriftsnettverket ønskjer å auke talet på gjestedøgn gjennom å tilby opplevingar i surt vêr og vind. Dette skal skape ny trafikk langs kysten, og gje vintersesongen frå oktober til mars eit løft.

    Pakketuren startar med ekspressbåt frå Bergen, og gjestane kan oppleva ruskevêret både i Solund, Hyllestad, Værlandet og Bulandet, og Kalvåg. I pakka inngår også overnatting, lokalmat og gaida stormwatching-turar frå ulike leverandørar.

    Avgjerande støtte

    - Pengestøtte frå Innovasjon Noreg har vore heilt avgjerande for nettverket. Utan det hadde vi aldri kome i gong med prosjektet, seier Jan Fredrik Fosse, dagleg leiar ved Knutholmen, som står som søkjar av bedriftsnettverket.

    Men det er ikkje bere finansiering som har bidrege til å etablere og utvikle nettverket. Fosse understrekar betydninga av andre tenester.

    - Vi har fått relevant rådgjeving og delteke på ulike kurs, som har vore viktig for vegen vidare.

    Stor interesse for konseptet

    Det tek tid å etablere eit nytt produkt. Stormwatching Norway starta opp i 2017, og hausten 2019 blir fyrste ordentlege sesong for konseptet.

    - Vi har allereie begynt å selje pakkar, og det er fleire aktørar som viser engasjement for konseptet og ønskjer å bli med. Det kan tyde på at satsinga er riktig, seier Fosse.

    Han legg til at dette tilbodet, som er tilpassa vintersesongen og retta mot nye kundegrupper, vil bidra til å skape fleire heilårsarbeidsplassar i reiselivet i regionen. Andre næringar vil også nyte godt av meir trafikk, og satsinga bidreg slik sett til å oppretthalde busetnaden i lokalsamfunna.