Hopp til innhold
  • EN
  • Logg inn
  • Skarbø Gard får bedriftsutviklingsprisen i landbruket i Møre og Romsdal

    vinnere
    Vinnerne Carlos Ruiz Rabelo og Kristine Skarbø, sammen med Kristines foreldre Eli og Lars Helge Skarbø, på Innovasjonsfestivalen i Åndalsnes.Foto: Bjarne Øygard

    Dei starta med mjølkeproduksjon, utvida med produksjon av både ost og eplesider og har nå eiget gårdsutsalg. No finn turistane fram til Skarbø gard.

    Bakgrunn

    Kristine Skarbø overtok garden i Stranda i desember 2013. Ho driv garden saman med mannen Carlos. Dei driv med mjølkeproduksjon på storfe. I 2017 selde dei den første eigenproduserte osten. I 2018 selde dei første parti med eplesider.

    Skarbø er eit vanleg vestlandsbruk med utfordringar både på storleik, arrondering og bratt terreng. Kristine og Carlos har klart å skape eit livskraftig bruk ved å få fleire «føter å stå på». Naturen rundt bruket er ein viktig del av heile konseptet, både for presentasjon av produkta og for smak på ost og sider. Etter kvart er gardssalget blitt viktig, og dei ønskjer også å ta imot fleire grupper heime på bruket og såleis gå inn litt på reiselivssegmentet. Alt er basert på lokale ressursar og eit lågast mogeleg klima-avtrykk.

    Bedriftsutviklingsprisen i landbruket blir delt ut av Innovasjon Norge kvart år og skal gå til ei vellukka bedrift eller næring som tek utgangspunkt i bygdene og landbruket sine ressurser. Dei fylkesvise vinnarane mottar 50 000 kroner kvar, og kjemper om den nasjonale prisen og prispengene på 250 000 kroner

    Grunngjeving

    Prisvinnarane har gjennom mange år arbeidd hardt og målbevisst for å kome dit dei er i dag. I dag er produkta frå Skarbø Gard kjende over det meste av landet. Og med Kristine og Carlos sine internasjonale bakgrunnar er ikkje landegrensene noko hinder. Turistane finn no fram til Skarbø Gard for å smake på produkta og for å kjøpe med seg ost og sider.

    - Kristine og Carlos har med sitt målbevisste arbeid, sin fagkunnskap og si opne og inkluderande framferd gjort Skarbø Gard til ein merkevare som blir lagt merke til. Og vi trur at vi berre har sett starten av eventyret, seier Bjarne Øygard i Innovasjon Norge.

    Fakta om bedriftsutviklingsprisen i landbruket: 

    • Innovasjon Norge deler kvart år ut bedriftsutviklingsprisen i landbruket på oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet.   
    • Det er ein bedrifts- og næringsutviklingspris for dei som har etablert ei vellukka bedrift eller næring med basis i bygdene og landbruket sine ressurser.   
    • Det blir kåra ein vinnar i kvart fylke som får 50 000 kroner.   
    • Dei fylkesvise vinnarane deltek så i den nasjonale konkurransen om 250 000 kroner.   
    • Den nasjonale prisen vil bli delt ut under InternationaleGrüne Woche i Berlin i januar 2023.