• EN
  • Logg inn
  • Kjemikarane på Gardsbrenneriet lagar brennevin av myse!

    Synnøve og Jann produserer ei rekkje produkt på garden både med og utan alkohol. Produktvariasjonen er stor og går frå ulike eple og fruktmostar, til ei rekkje siderar, likørar og mange ulike brennevinstypar.  Foto: Gardsbrenneriet.
    Synnøve og Jann produserer ei rekkje produkt på garden både med og utan alkohol. Produktvariasjonen er stor og går frå ulike eple og fruktmostar, til ei rekkje siderar, likørar og mange ulike brennevinstypar. Foto: Gardsbrenneriet.

    Gardsbrenneriet AS i Gloppen stakk av med Bedriftsutviklingsprisen i landbruket i Vestland for 2020.

    -Dette var veldig overraskande og ikkje minst ei veldig hyggeleg førjulsgåve! Det er utruleg inspirerande å sjå at alt arbeidet vi har gjort og fortsatt gjer, blir lagt merke til, og det er heilt sikkert at dette motiverer for vidare utviklingsarbeid og innovasjon frå vår side, seier ein glad Jann Vestby, dagleg leiar for Gardsbrenneriet på Sandane.

    Frå Oslo til Gloppen - NTNU-kjemikarar til Gloppen

    Han og Synnøve Vik Bergstad er begge utdanna kjemikarar frå NTNU og har tidlegare arbeidd innanfor næringsmiddel og oljeindustrien. I 2009 flytta dei til Gloppen og overtok fruktgarden til familien til Vik Bergstad. Dei starta forsiktig opp med drikkevareproduksjon i 2012 og etablerte Gardsbrenneriet i 2015.

    Med solid fagleg bakgrunn har dei bygd opp ein produksjon av ulike typar likør, sider og alkoholfri most, både med og utan kolsyre. Kundane er i all hovudsak butikkane til Vinmonopolet. Dei leverer også til lokale butikkar, hotell og restaurantar.

    Frå 2. sortering til 1. klasse - utnytting av lokale råvarer

    Gardsbrenneriet har spesialisert seg på å nytta frukt og bær som tidlegare ikkje gav meirverdi for bonden pga kvalitetsavvik. Dette foredlar dei til varer av 1. klasse!

    - Vi har heilt sidan vi starta med tanken på «Gardsbrenneriet» tilbake i 2009, ynskt å bruke garden, råvarene og ressursane som finst her i Gloppen og i Nordfjord til å lage gode produkt med fokus på gode smakar, god råvareutnytting og ikkje minst å auke lønnsemda til alle dei flinke bøndene vi kjøper råvarer frå, seier Jann Vestby.

    Frå myse til brennevin - nyskaping på nasjonalt nivå

    Enkelte av produkta blir produsert med uttrekk (geist) og ikkje destillasjon. Dette var dei ein av dei første i landet til å gjera. I tillegg har dei no utvikla eit heilt nytt produkt, der dei som dei første i Norge, utviklar brennevin basert på eit overskotsprodukt frå meieria; nemleg myse. Fram til no har all landbruksetanol (brennevin) vorte produsert av Hoff Potetindustri. Her kjem Gardsbrenneriet inn som ein ny aktør i marknaden for brennevin.

    -Støtta vi har fått frå Innovasjon Norge har vore avgjerande for at vi har kome dit vi er i dag og vi set enormt stor pris på samarbeidet vi har! Utan dette samarbeidet hadde vi nok aldri turt å ta steget med å flytte frå gode, sikre jobbar i Oslo, til å satse på nyskaping og produktutvikling på eit Vestlandsbruk i Gloppen, seier Jann Vestby.

    Juryens grunngjeving

    I sommarsesongen er det travle tider med smaksprøvar i idylliske omgjevnader på taket av brenneriet. Foto: Gardsbrenneriet.
    I sommarsesongen er det travle tider med smaksprøvar i idylliske omgjevnader på taket av brenneriet.Foto: Gardsbrenneriet.

    Det var i år 10 kandidatar til bedriftsutviklingsprisen i landbruket, som representerte eit breidt spekter av verksemder og regionar i Vestland. Kandidatane vart vurdert ut frå kriteria økonomisk, sosial og miljømessig berekraft og innovasjon/nyskaping. 

    Det største konkurransefortrinnet til Gardsbrenneriet er høg kompetanse hjå eigarane, opparbeida gjennom lang utdanning og allsidig arbeidserfaring. Dei har sjølve utvikla mykje av utstyret som vert brukt under foredlinga. Produkta som vert laga er difor unike på mange måtar, sidan ingen i Norge har tilsvarande utstyr.

    Gardsbrenneriet bidreg med sitt kjøp av råvarer i distriktet, i stor grad til verdiskaping i Nordfjord-regionen, der det dei seinare åra har vore ei stor satsing på auka frukt og bærproduksjon.

    -Nye produksjonsmetodar og stadig utvikling av nye produkt, gjer til at Gardsbrenneriet scorar spesielt høgt når det gjeld nyskaping. Spesielt gjeld dette den siste satsinga på å laga brennevin av myse, der dei er dei første her i landet som har gjort dette, seier Nina Broch Mathisen, juryleiar og regiondirektør for Innovasjon Norge Vestland. Ho legg til at juryen er imponert over flott design og god distribusjon til Vinmonopolet.

    Årets jury

    Årets jury har bestått av Kjersti Sognnes frå Vestland fylkeskommune, Eirik Brynjelsen frå Fylkesmannen i Vestland, Marco Neven, felles representant for Bonde- og Småbrukarlaga i Sogn og Fjordane og Hordaland, Peder Nernæs, felles representant for Bondelaga i Sogn og Fjordane og Hordaland. Juryen vart leia av Regiondirektør Nina Broch Mathisen i Innovasjon Norge Vestland.

    Fakta om Bedriftsutviklingsprisen i landbruket

    Innovasjon Norge deler hvert år ut Bedriftsutviklingsprisen i landbruket på oppdrag fra Landbruks- og matdepartementet.

    Det er en bedrifts- og næringsutviklingspris for de som har etablert en vellykket bedrift eller næring med basis i bygdenes og landbrukets ressurser.

    Hvert år blir det kåret en vinner i hvert fylke som får 50 000 kroner.

    De fylkesvise vinnerne kjemper deretter om den nasjonale prisen på 250 000 kroner. På grunn av koronapandemien er det usikkerhet om hvordan den nasjonale prisutdelingen vil foregå.