Hopp til hovedinnhold

Aust-Agder: TINE Meieriet Setesdal mottek pris

To personer fra TINE Meieriet Setesdal som produserer meieriprodukter© Olav Håland
Ti personar ved TINE Meieriet Setesdal produserer meieriprodukt på til sammen rundt 500 tonn per år.
I vegkanten ved riksveg 9 på Byglandsfjord i Setesdal, har det blitt produsert meieriprodukt sidan 1953. I dag består TINE Meieriet Setesdal av ein liten arbeidsstokk på ti personar som produserer nokre av Noregs beste meieriprodukt.

I dag mottar TINE Meieriet Setesdal bedriftsutviklingsprisen i landbruket i Aust-Agder.

- Vi er opptekne av at meieriet her på Byglandsfjord skal vere ein trygg og god arbeidsplass, der dei tilsette i stor grad får bidra til utvikling av både produkt og prosessar. I tillegg til at vi produserer og stadig utviklar nye produkt, er vi stolte av et godt arbeidsmiljø med særs lågt nivå på skader og sjukefråver, seier meierisjef Tor Kåre Helland.

Han er dagleg leiar og starta ved meieriet i 1998. Frå 1999 har meieriet vore ein nisjeprodusent med produksjon av Kviteseidsmør. I 2001 blei også produksjonen av Ryfylkegome flytta hit. I dag produserer meieriet alt av nisjesmør for TINE, og i ein test i TV2, ble Kviteseidsmør og Setesdalssmør kåra til Noregs beste.

I tillegg til produksjon av Kviteseidsmør og Setesdalssmør, produserer også meieriet økologisk Setesdalsmør, Brimismør, økologisk smør, geitesmør, kryddersmør, Ryfylkegome og rømmegraut. Til saman produserer det lokale meieriet rundt 500 tonn per år.

Innovativ og lønnsam lokalbedrift

- Meieriet er ein viktig aktør i Setesdal, både som arbeidsplass og lokal næringsutviklar. Dagleg leiar har heilt frå han blei tilsett, vore ei viktig drivkraft i vidareutvikling og nyskaping ved meieriet. Det er ikkje opplagt at dette meieriet, som er det minste av TINE sine meieri, skal bli oppretthalde. Det arbeidet som er gjort for å vere innovativ og marknadsorientert, vert vurdert som avgjerande for at meieriet har ein solid posisjon både internt i TINE og ikkje minst i regionen, seier Sveinung Hovstad i Innovasjon Noreg.
Frå 2016 til 2017 har omsetninga auka, og det vert rekna med vidare vekst på fem prosent frå 2017 til 2018.

- Meieriet har fått god støtte frå Innovasjon Noreg, Setesdal Regionråd og Bygland kommune til mange av dei større prosjekta. Dei viser med handling at dei ønskjer å ha oss, og det syns vi er flott. Det gir ein god følelse når vi veit at lokalmiljøet ønskjer å behalde oss. Vi ser lyst på framtida, og vi skal vera eit "plussprosjekt". Vi vil fortsette med å lage spesielle produkt, samstundes som vi er opptatt av å få jobbar for å kunne behalde verksemda, seier Helland.

Berekraft i fokus

Meieriet nyttar lokale råvarer dersom det er mogleg, slik som mjølk til Ryfylkegome og rømmegraut. I tillegg mottek meieriet 1,3 millionar liter fløte frå andre meierianlegg. Anlegget avslutta bruk av fossilt brensel i 2010. Alt avfall blir i dag kildesortert og levert til godkjent mottak. Avløpsmengda til vatn er også betydeleg redusert dei siste åra, og blir reinsa til rundt 90 prosent før det blir pumpa til kommunalt reinseanlegg.

- Vi ønsker å tildele prisen til dei tilsette, med meieristyrar Tor Kåre Helland i spissen. Å drive lønsamt med stadig nye produkt er utfordrande for eit lite anlegg. Utan kompetente og entusiastiske tilsette og solid satsing på medarbeidardreven innovasjon, hadde ikkje dette vore mogeleg, seiar Hovstad.

Juryen har bestått av:

  • Tore Haugum, landbruksdirektør hos Fylkesmannen i Aust- og Vest-Agder
  • Gro Anita Mykjåland, ordførar i Iveland
  • Finn Aasheim, leiar av Bondelaget sitt Agder kontor
  • Marit Gunn Tveit, nestleiar i Aust-Agder bondelag
  • Sveinung Hovstad, direktør for Innovasjon Norge Agder
Publisert :
Sist oppdatert :