Bedriftsutviklingsprisen i landbruket 2014

– Rørosmat er ei god representant for den spennande kreativiteten og nyskapinga som skjer innan og i tilknyting til landbruket og eit uttrykk for at langsiktig strategisk samarbeid mellom bedrifter gjev resultat, seier Anita Krohn Traaseth.
Saman med statsråd Sylvi Listhaug stod administrerande direktør i Innovasjon Norge for den høgtidlege overrekkinga av prisen på 250 000 kroner under ei tilstelling i ambassaden i Berlin i dag i samband med Internationale Grüne Woche.
– Vi ser på prisen som ein stor honnør for at Rørosmat har hatt ein klar strategi som er følgt opp, og som vil vera til stor inspirasjon framover, seier Kristin Bendixvold, dagleg leiar i Rørosmat.
Sterk merkevare
– For ein landbruks- og matminister med stor tru på gründerskap og skaparkraft i landbruket, er det ei stor glede å kunne dele ut prisen til ei bedrift som har lukkast på denne måten, seier Sylvi Listhaug.
Ambisjonen for Rørosmat er å vere den tydlegaste merkevaren innan lokalmat i Noreg. I tillegg vil dei gjere det lett å kjøpe lokal mat. Om kunden ynskjer produkt frå 10 ulike medlemsbedrifter, så blir det likevel berre eitt kontaktpunkt å forhalde seg til. Det gjer at den lokale matbedrifta kan prioritere tida til produksjon og utviklingsarbeid, medan Rørosmat tek imot ordren, leverer og fakturerer. I dag 12 år etter etableringa vil mange hevde at Rørosregionen er den fremste matregionen i Noreg.
Langsiktig samarbeid gjev resultat
Rørosmat vart etablert i 2003. Lokale pionerar hadde då allereie arbeida i fleire år for å fremme lokal mat og samarbeid om marknadsføring og sal. Sidan oppstarten har 15 medlemsbedrifter vorte til 31, femner om så vel små som større, og har i dag over til saman over 100 årsverk og over 200 millionar i samla omsetnad. Felles for medlemsbedriftene er lokalisering, kvalitetskrav og trua på at to pluss to blir meir enn fire.
Kopling mat og reiseliv
Mat og opplevingar heng tett saman. På Røros har dyktige, framsynte personar klart å kople reiseliv og lokal mat slik at begge bransjane har vorte styrka. Høg kvalitet, ei lokal historie og gode opplevingar er felles verdiar for mat- og reiselivsbedrifter. Rørosregionen har vorte eit førebilete for andre deler av landet gjennom målretta innsats for å bygge det unike bedriftsfellesskapet.
Dei nominerte var
Rørosmat SA – Røros i Sør-Trøndelag
Rørosmat har ambisjon om å vera Noregs tydlegaste merkevare innan lokalmat. Dei har gjennom langsiktig og målretta arbeid vorte eit førebilete for andre regionar ved å byggje verksemdfellesskap, gjere merkevaren Rørosmat kjent, utvikle samarbeid mellom mat og reiseliv og landsdekkande distribusjon. Selskapet skal være eit lønnsomt og fagleg sterkt produsentnettverk, og bidra til auka verdiskaping og matproduksjon for medlemmane.
Rørosmat fungerer som bestillingskanal, varemottak og distribusjon av varene frå medlemmane ut til kundane. Selskapet vart etablert i 2003, og har i dag 31 matprodusentar som eigarar.
Heimeside: http://www.rorosmat.no/
Skjærgaarden Gartneri – Åsgårdstrand i Vestfold
Skjærgaarden Gartneri er Noregs største produsent av vårlauk, i tillegg vert det produsert ei rekkje andre grønsaker og urter av høg kvalitet. Verksemda er svært opptatt av levande matjord, biologien i jorda og kretsløp, og er aktive innan produktutvikling og Forsking- og utviklingsamarbete (FoU).
Selskapet lanserte ei ny lauktype i 2013, hadde storskala forsøk med spiselege blomar i år, og til neste år kjem Rød Skjærgaardsløk på marknaden. I 2015 skal det også stå ferdig ein demonstrasjonshage som skal fungere som inspirasjonskjelde og møteplass for kokkar, kundar, forskarar og forbrukarar.
Skjærgaarden Gartneri har mange utanlandske sesongarbeidarar, og har gjennom aktiv personalpolitikk med delegering av ansvar stabil arbeidskraft med mange andregenerasjons arbeidstakarar.
Heimeside: http://skjaergaarden.no/
Vom og Hundemat AS, Trøgstad i Østfold
Gründeren Magne Østby er pølsemakaren som vart berømt som produsent av hundefôr. Han slo gjennom med leveranse til Robert Sørli som vann Iditarod i 2003 (1 800 km i Alaska). I dag har han ei rekkje fornøyde kundar i så vel hundesportmiljøet som i det ordinære hundemiljøet.
Verksemda eksporterer til Sverige, Danmark og Finland, og vurderer framstøyt på den tyske og nokre andre europiske marknader. Dei brukar og marknadsfører seg med reine norske råvarer som konkurransefortrinn, råvarer som er til overs frå næringsmiddelindustrien. Verksemda har Forsking- og utviklingsamarbeid (FoU) med Noregs miljø- og biovitenskapelige universitet for å optimalisere fôret.
Vom og Hundemat har mottatt DN Gaselleutmerking seks år på rad, og er trekt fram som eksempelverksemd frå Mattilsynet.
Heimeside: http://www.vomoghundemat.no/