Hopp til hovedinnhold

Bedriftsutviklingsprisen i landbruket 2015

Fra venstre Anita Krohn Traaseth, adm.dir. Innovasjon Norge, Jo Oxhovd Svalesen, Tor Oxhovd Svalesen og landbruks- og matminister Jon Georg Dale.Foto: Vidar Alfarnes
Fra venstre Anita Krohn Traaseth, adm.dir. Innovasjon Norge, Jo Oxhovd Svalesen, Tor Oxhovd Svalesen og landbruks- og matminister Jon Georg Dale.
- I ei tid med stort fokus på klima- og miljøutfordringar er det ei stor glede å dele ut prisen til ein person som har lagt ned ein stor innsats i å gjere energiforsyning meir kortreist, miljøvennleg og berekraftig, seier Anita Krohn Traaseth, administrerande direktør i Innovasjon Noreg.

Tor Oxhovd Svalesen med selskapa Stølslie Biovarme AS og Valdres Biovarme AS frå Oppland stakk av med sigeren om den nasjonale bygdeutviklingsprisen til Innovasjon Noreg for 2015.

Saman med statsråd Jon Georg Dale stod Anita Krohn Traaseth for den høgtidlege overrekkinga av prisen på 250 000 kroner under ei tilstelling i ambassaden i Berlin i dag i samband med Internationale Grüne Woche.

I tråd med det grøne skiftet

Oxhovd Svalesen har fått støtte frå bioenergiprogrammet til Innovasjon Norge, som er ei av dei «grønaste» ordningane til Innovasjon Noreg.

- Innovasjon Noreg har målsetjingar om at ein aukande del av dei prosjekta vi deltek i skal verta stadig meir miljømessig bærekraftig, og i så måte kan bioenergiprogrammet tene som inspirasjon, legg Krohn Traaseth til.

Tor Oxhovd Svalesen er eit godt døme på at landbruket tek energi- og klimautfordringane på alvor. Oxhovd Svalesen som er sivilingeniør i bygg og miljøteknikk frå NTNU, og er også eit godt døme på ein person som dreg ut for å skaffe seg utdanning og kunnskap som han så tek med seg heim, tilpassar til lokale forhold og skapar framtidsretta arbeidsplassar.

God butikk og betydelege ringverknader

Stølslie Biovarme AS og Valdres Biovarme AS har investert betydelege beløp. Trass i låge prisar på straum og olje tener selskapa gode pengar.

Oxhovd Svalesen har også vore ein føregangsmann i å utvikle eigne tomteområde frå rå tomt til ferdig regulerte bustad- og hyttetomter med tilhøyrande infrastruktur som biovarme og fiberkabel. Gjennom utstrakt samarbeid med andre grunneigarar, anna næringsliv og statens vegvesen bidreg verksemda også til betydeleg lokal verdiskaping.

Dette var dei tre finalistane

Åmot Operagard Sørli

I Vestlandsbygda Bygstad ligg eit originalt og nyskapande konsept, der garden er arena for produksjon av kultur-opplevingar innanfor opera/teater og konsertar, selskap, bryllaup, møter og overnatting ,og med gardskjøkken og restaurant med unike matopplevingar. Gardsmiljøet inneheld sveitservilla, låve, snekkarverkstad, smie og eldhus, med lokale råvarer frå sjø og land i restauranten og overnatting i det restaurerte våningshuset frå 1890. Hotellet er og ein del av samanslutninga De Historiske hotel & spisesteder.

Eigarane Steinar Sørli og Yngve Brakstad er ressurspersonar i norsk reiseliv, som tenkjer nytt og utradisjonelt. Dei har fått i stand eit utstrakt lokalt, regionalt og nasjonalt samarbeid, som også bidreg til etablering av internasjonale nettverk. I tillegg frontar dei no utvikling av ei regional kultur- og matklynge. Samarbeidet med operatøren Travel Designer har skaffa kundar frå «High End»-segmentet frå blant anna USA. Dei har og hausta heiderleg omtale i britiske Financial Times.

Åmot Operagard har fått stor merksemd for unikt reiselivsprodukt, og er frå før tildelt: Kultur- og næringsprisen 2011 frå Arts & Business Norge, Olavsrosa frå Norsk Kulturarv 2010, Gaular kommune sin kulturpris 2012, Årets Reiselivsperle 2012 og kvalitetsmerket De Historiske frå De Historiske hotel & spisesteder 2014.

Tor Oxhovd Svalesen

Sivilingeniør Tor Oxhovd Svalesen er ein aktiv medeigar og viktig pådrivar for fleire selskap i Valdres, og for Bygdeutviklingsprisen 2015 i Oppland er det særleg Stølslie Biovarme AS og Valdres Biovarme AS som har blitt tillagt mest vekt.

Stølslie Biovarme AS leverer varme og varmt vatn basert på bioenergi til næringsbygg, bustader og fritidsbustader på Beitostølen, medan Valdres Biovarme AS har konsesjon på å levere varme i Fagernes sentrum. No har entreprenøren starta planlegging av neste generasjon fjernvarme på Beitostølen. Det er også etablert flisterminal og lager på heimgarden. Virket er frå eigen skog og lokale skogeigarar, samt frå avtalar med Statens Vegvesen om rydding langs riks- og fylkesveger. Oxhovd Svalesen har lagt vekt på å reinvestere gevinstar frå eigedomsutvikling i lokal verdiskaping, som har gitt betydelege ringverknader lokalt i Valdres.

Oxhovd Svalesen er medeigar i familieselskapet Oxhovd AS, som eiger 63 % av Stølslie Biovarme AS.

Folvell gård

På Årnes i Akershus driv ekteparet Elin og Martin Skovseth allsidig drift med gris på konsesjonsgrensa, såkorndyrking, jordbær, grovfòrproduksjon, skogbruk og leigekøyring.

Skovseth-paret tek sjølv hand om heile verdikjeda for jordbær; to salsboder på Årnes, direktesal frå garden og sjølvplukk der 6-700 personar er innom like mykje for opplevinga som for bæra. I sesong med jordbæra haustar dei tidlegpotet, og dei deltek i matfestivalen Brød og sirkus på Årnes. Den kinesiske ambassaden har dei siste åra lagt sommarutflukta si til Folvell.

Det siste året har dei nytta jordbær i ølproduksjon i samarbeid med Sundbytunet, ei konferanse- og serveringsverksemd med eige bryggeri på Jessheim. Ølet er mottatt med stor interesse, og det har vore lagt vekt på gode lokale namn på ølsortane; jordbær-ølet Pløgsle, juleølet Åkkle og påskeølet Skara.

Folvell gård har lagt om til miljøvennleg bioenergi med råstoff frå eigen skog, og planlegg ny driftsbygning med produksjonslokale, gardsbutikk, kjølerom og fryserom til jordbær.

Publisert :
Sist oppdatert :