Bedriftsutviklingsprisen i landbruket 2016

- Johan Fredrik Bråstad Kristiansen oppfyller kriteriene for prisen på ein ekstraordinær god måte; han driv ei innovativ og nyskapande verksemd med solid økonomi, med store positive ringverknader og på ein særs miljømessig berekraftig måte», seier Inger Solberg, direktør for berekraft i Innovasjon Noreg.
Saman med statsråd Jon Georg Dale stod Solberg for den høgtidlege kunngjeringa og utdelinga av prisen under ei tilstelling i ambassaden i Berlin i dag i samband med Internationale Grüne Woche.
Store ringverknader
Gartneriet produserer blomster og småplanter for blomstergartneri over heile landet. Verksemda sysselset nærare 50 årsverk, og er med det ein betydeleg arbeidsgjevar med positive ringverknader for lokalsamfunn og næringsliv. Mange av arbeidarane er utanlandske, og Kristiansen er kjent for å ha gode og ordna arbeidsforhold for alle tilsette. Kristiansen har også hatt nærare 50 praktikantar frå Ukraina gjennom eit 15 års samarbeid med landbruksuniversitet i landet.
Tøff konkurranse og kontinuerleg produktutvikling
Blomsterproduksjon er utsett for betydeleg utanlandsk konkurranse. Kristiansen driv saman med to andre gartneri selskapet G3 Ungplanter der det vert drive kontinuerleg utviklingsarbeid i samarbeid med norske og internasjonale FoU-miljø og leverandørar. Bl.a. har dei eit av dei største forsøksfelta i Europa der det kvart år vert testa ut 1500 sortar. Eit utviklingsarbeid som er heilt naudsynt for å sorts- og klimatilpasse plantemateriale med kvalitetseigenskapar som gjev norsk produksjon fortrinn og preferansar i marknaden.
Innovativ satsing på mikroalgar
Men i motsetning til skomakaren, «bliver ikke Johan Fredrik Bråstad Kristiansen kun ved sine blomster». Kristiansen har gjennom selskapet Algaeomega AS også etablert prøveproduksjon av mikroalgar. Det er bl.a. utvikla ein prototyp som kan halvere kostnaden med dyrking. Prosjektet har oppnådd «Seal of Excellence» gjennom Horizon 2020, forskings- og innovasjonsprogrammet til EU.
- I det grøne skiftet og auka satsing på bioøkonomien treng norsk landbruk og næringsliv satsande og innovative personar som Kristiansen» seier Inger Solberg, og legg til at «vi har forventningar til at satsinga på mikroalgar kan lukkast, at det kan opne seg betydelege internasjonale marknader, og at det ikkje er siste gong vi høyrer om spennande idear med stort potensial i regi av Johan Fredrik Bråstad Kristiansen.»
Fylkesvinnarar 2016
Østfold: Anne-Lene og Hans Olav Bjerketvedt Dyre Gård (finalist)
Akershus: Stine og Hans-Ove Kirkeby
Oslo: Blomsterhagen på Abildsø AS
Hedmark: Carl Heinrich Jung
Oppland: Per Idar og Kjersti Vingebakken
Buskerud: Hallingskarvet lam
Vestfold: Berle Gård
Telemark: Per Arne Hoppestad
Aust-Agder: Johan Fredrik Bråstad Kristiansen (finalist)
Vest-Agder: Kari og Sjur Lauvdal
Rogaland: Klostergarden
Hordaland: Voss Gardsslakteri AS
Sogn og Fjordane: Ciderhuset (finalist)
Møre og Romsdal: Hakallegarden
Sør-Trøndelag: Grindal Ysteri AS
Nord-Trøndelag: Traktorpikene
Nordland: Ikkje kåra vinnar i 2016
Toms: Ikkje kåra vinnar i 2016
Finnmark: Ikkje kåra vinnar i 2016