Bonde med mange jern i elden vert heidra med pris

– Å få ei slik anerkjenning frå Innovasjon Norge betyr mykje for meg. Det gjev inspirasjon til å vidare utvikle garden som ein god arbeidsplass både for meg sjølv og andre, og samstundes prioritere kvalitet og bærekraft i alle ledd, både innan kjøttproduksjon og treforedling, seier Folkedal
– Bedriftsutviklingsprisen i landbruket skal synleggjere og heidre innovative bedrifter i landbruket. Det er eit stort mangfald i norsk landbruk i dag. Folkedal er eit godt døme på den spennande utviklinga, det harde arbeidet og dei flotte resultata norske bønder er med på å produsere, seier Landbruks- og matminister Olaug Bollestad.
Gardsslakteri og gardsbutikk
På Folkedal gjev eigne dyr i tillegg til råvarer frå andre gardar, grunnlaget for årleg slakting og foredling av 25 tonn kjøtt. Folkedal er sjølv slaktar og legg stor vekt på lokal slakting, til det betre både for dyr og matkvalitet. Han produserer og pølser, farse og stykningsdelar på garden.
Folkedal driv og sin eigen gardsbutikk der mykje av produkta vert seld. I tillegg leverer han kjøttvarer til storkundar og butikkar. I gardsbutikken sel han òg andre varer, mellom anna lokalprodusert honning og eplemost.
– Landbruket må ta eit aktivt klimaansvar i åra som kjem. Folkedal tilbyr kortreist mat, produsert på dyr som går heile sommaren på beite og som slepp å verte transportert lange vegar for slakting. I tillegg nyttar han lokal skog til bioenergi og til bygging av tradisjonsrike hus med lågt karbonavtrykk. Han syner at klimavenleg produksjon kan gje både arbeidsplassar og god lønsemd, og vi treng fleire bønder som han, seier Nina Broch Mathisen, leiar av Innovasjon Noreg Vestland.
Vidarefører gamal byggeteknikk
Lars Ingvald Folkedal har også bygd opp eit eige sagbruk der han kan skjere vestlandsgran av store dimensjonar. Her produserer Folkedal tømmer til bygging av grindverkbygningar, som han også jobbar med, både på eigen gard og for andre. Grindeverksteknikken er ein ubroten byggeskikk spesiell for Vestlandet som har vore uendra i 3500 år. De gamle byggeteknikken fører til låge klimautslepp, med kortreist tømmer og tre som byggemateriale. Resultatet er estetisk vakre bygg, som framleis kan konkurrere på pris.
Den allsidige bonden er også i gong med å bygge ein heilt ny driftsbygning på garden, ein bygning på 1000 m2 med plass for 30 kyr. Denne vert sjølvsagt bygd som eit grindverkbygg. Ein moderne mjølkerobot skal kombinerast med den eldgamle byggestilen. Slakteriet, bustadhuset og den nye driftsbygningen vert varma opp med bioenergi frå eigen skog.
Kontaktpersonar:
- Lars Ingvald Folkedal, tlf. 452 32 535
- Innovasjon Norge Vestland, v/Ole-Andreas Smette, tlf. 930 27 842