Hopp til hovedinnhold

Hordaland: Alde sider får Bedriftsutviklingsprisen i landbruket

Alde sider i glassflaskerFoto: Pernille Sommer
Olav Bleie er eplebonden frå Hardanger som droppet doktorgradstudiane for å løfte slektsgarden inn i ei ny tid som siderprodusent.

Alde sider hatt ein eventyrleg utvikling, og er i dag Vinmonopolet sin mestseljande sider i 1. halvår 2018. I dag blir Olav Bleie, mannen bak suksessen til Alde sider, heidra med bedriftsutviklingsprisen i landbruket i Hordaland.

-Denne prisen betyr utroleg mykje for meg, både som ein anerkjenning av det arbeidet som allereie er lagt ned i produksjonen, men også som ein motivasjon for det videre arbeidet, seier Olav Bleie om prisen.

-Olav Bleie har stått sentralt i arbeidet for å bygge opp Hardanger til ein sider-destinasjon. Dette er med på å styrke reiselivprofilen til Hardanger med rein mat, flott natur og lokaltilpassa særeigne opplevingar. Vi er stolte over vårt samarbeid med Olav Bleie, og meiner satsinga hans er eit godt føredøme for andre som vil satse innan mat og reiseliv. Sider er ikkje lenger ein nisjeproduksjon men skaper reelle og betydelege verdiar i regionen, seier Nina Broch Mathisen, leiar av Innovasjon Noreg Vestland.

Siderproduksjon med gamle røter

Garden Bleie ligg uvanleg vakkert til ved Sørfjorden, to mil frå Odda, midt mellom høge fjell fossande elver og blomstrande frukthagar. Heilt frå munkane tilbake på 1200-talet innførte fruktdyrkinga i Hardanger, har siderproduksjon vore viktig i regionen. Nye reglar for sal av sider har no ført til ei enorm utvikling i sidermarknaden, og i dag finn vi 13 siderprodusentar med profesjonelt løyve i Hardanger.

Topp score i Aftenposten

Frå oppstarten i 2015 med 2000 liter sider, har Olav Bleie hatt ein formidabel vekst i produksjon og omsetning. Hittil i år har han selt 50 000 liter sider, og i 2019 vert dette auka til 75 000 liter. Aftenposten har gjeve Alde sider topp score, og sideren vert servert på dei aller beste Oslo-restaurantane. Det aller meste av omsetninga går via Vinmonopolet, men Olav Bleie sel og 5-10 000 liter sider direkte frå garden. Etterspurnaden er upåklageleg, og i periodar av året går verksemda tom for varer. Verksemda sysselset førebels 4 årsverk.
Dagens Næringsliv karakteriserer Alde sider slik: -Dufter av eplemos med hint av gjær og gule steinfrukter. Delikat og fersk frukt med en fin eplekarakter og tørr samtidig fruktig utgang. Ren og fin.

Hardanger = sider

I tillegg å vere ein dyktig fagmann ivrar Olav Bleie for samarbeid, omdømmebygging og merkevareutvikling. Han er engasjert og utadvendt og vert ofte brukt som foredragshaldar.

Olav Bleie seier sjølv: - Eg har eit mål, når du høyrer ordet Hardanger tenkjer du ikkje fyrst og fremst på fjord og fjell, men på sider. Då har me fått det te.


Juryen har bestått av:

  • Ole-Andreas Smette, juryleiar og spesialrådgjevar i Innovasjon Norge
  • Lars Peter Thaule, Hordaland Bondelag
  • Jarle Helland, Hordaland bonde- og småbrukarlag
  • Åse Vaag, landbruksdirektør i Hordaland

Kontaktpersonar:

  • Olav L. Bleie, mob. 48 00 79 66
  • Innovasjon Norge Vestland, v/Ole-Andreas Smette, mob. 930 27 842
Publisert :
Sist oppdatert :