Kjemikarane på Gardsbrenneriet lagar brennevin av myse!

-Dette var veldig overraskande og ikkje minst ei veldig hyggeleg førjulsgåve! Det er utruleg inspirerande å sjå at alt arbeidet vi har gjort og fortsatt gjer, blir lagt merke til, og det er heilt sikkert at dette motiverer for vidare utviklingsarbeid og innovasjon frå vår side, seier ein glad Jann Vestby, dagleg leiar for Gardsbrenneriet på Sandane.
Frå Oslo til Gloppen - NTNU-kjemikarar til Gloppen
Han og Synnøve Vik Bergstad er begge utdanna kjemikarar frå NTNU og har tidlegare arbeidd innanfor næringsmiddel og oljeindustrien. I 2009 flytta dei til Gloppen og overtok fruktgarden til familien til Vik Bergstad. Dei starta forsiktig opp med drikkevareproduksjon i 2012 og etablerte Gardsbrenneriet i 2015.
Med solid fagleg bakgrunn har dei bygd opp ein produksjon av ulike typar likør, sider og alkoholfri most, både med og utan kolsyre. Kundane er i all hovudsak butikkane til Vinmonopolet. Dei leverer også til lokale butikkar, hotell og restaurantar.
Frå 2. sortering til 1. klasse - utnytting av lokale råvarer
Gardsbrenneriet har spesialisert seg på å nytta frukt og bær som tidlegare ikkje gav meirverdi for bonden på grunn av kvalitetsavvik. Dette foredlar dei til varer av 1. klasse!
- Vi har heilt sidan vi starta med tanken på «Gardsbrenneriet» tilbake i 2009, ynskt å bruke garden, råvarene og ressursane som finst her i Gloppen og i Nordfjord til å lage gode produkt med fokus på gode smakar, god råvareutnytting og ikkje minst å auke lønnsemda til alle dei flinke bøndene vi kjøper råvarer frå, seier Jann Vestby.
Frå myse til brennevin - nyskaping på nasjonalt nivå
Enkelte av produkta blir produsert med uttrekk (geist) og ikkje destillasjon. Dette var dei ein av dei første i landet til å gjera. I tillegg har dei no utvikla eit heilt nytt produkt, der dei som dei første i Norge, utviklar brennevin basert på eit overskotsprodukt frå meieria; nemleg myse. Fram til no har all landbruksetanol (brennevin) vorte produsert av Hoff Potetindustri. Her kjem Gardsbrenneriet inn som ein ny aktør i marknaden for brennevin.
-Støtta vi har fått frå Innovasjon Norge har vore avgjerande for at vi har kome dit vi er i dag og vi set enormt stor pris på samarbeidet vi har! Utan dette samarbeidet hadde vi nok aldri turt å ta steget med å flytte frå gode, sikre jobbar i Oslo, til å satse på nyskaping og produktutvikling på eit Vestlandsbruk i Gloppen, seier Jann Vestby.
Juryens grunngjeving

Det var i år 10 kandidatar til bedriftsutviklingsprisen i landbruket, som representerte eit breitt spekter av verksemder og regionar i Vestland. Kandidatane vart vurdert ut frå kriteria økonomisk, sosial og miljømessig berekraft og innovasjon/nyskaping.
Det største konkurransefortrinnet til Gardsbrenneriet er høg kompetanse hjå eigarane, opparbeida gjennom lang utdanning og allsidig arbeidserfaring. Dei har sjølve utvikla mykje av utstyret som vert brukt under foredlinga. Produkta som vert laga er difor unike på mange måtar, sidan ingen i Norge har tilsvarande utstyr.
Gardsbrenneriet bidreg med sitt kjøp av råvarer i distriktet, i stor grad til verdiskaping i Nordfjord-regionen, der det dei seinare åra har vore ei stor satsing på auka frukt og bærproduksjon.
-Nye produksjonsmetodar og stadig utvikling av nye produkt, gjer til at Gardsbrenneriet scorar spesielt høgt når det gjeld nyskaping. Spesielt gjeld dette den siste satsinga på å laga brennevin av myse, der dei er dei første her i landet som har gjort dette, seier Nina Broch Mathisen, juryleiar og regiondirektør for Innovasjon Norge Vestland. Ho legg til at juryen er imponert over flott design og god distribusjon til Vinmonopolet.
Årets jury
Årets jury har bestått av Kjersti Sognnes frå Vestland fylkeskommune, Eirik Brynjelsen frå Fylkesmannen i Vestland, Marco Neven, felles representant for Bonde- og Småbrukarlaga i Sogn og Fjordane og Hordaland, Peder Nernæs, felles representant for Bondelaga i Sogn og Fjordane og Hordaland. Juryen vart leia av Regiondirektør Nina Broch Mathisen i Innovasjon Norge Vestland.