Leon Bakkebø frå Dale i Sogn og Fjordane er tilsett som ny finansieringsdirektør i Innovasjon Noreg

- Dette er ein veldig utfordrande og spennande jobb. Eg gleder meg til få bli ein del av eit offensivt og kompetent IN lag, saman skal vi i fellesskap klare å utgjere ein positiv skilnad for eit framtidig sterkt og innovativt norsk næringsliv.
Bakkebø har variert erfaring frå leiarroller i ulike næringar, regionalt, nasjonalt og internasjonalt, i store konsern og mindre selskap. Han har lang leiarerfaring frå bank og finans, blant anna Sparebanken Sogn og Fjordane og Gjensidige Bank. Det siste året har han vore leiar av Sogn og Fjordane Næringsråd.
-Eg ser fram til å få Leon Bakkebø inn i leiarteamet. Oppgåva hans blir å leie eit omfattande arbeid med å vidareutvikle og digitalisere fleire av systema og tenestene våre knytt til finansiering som vert levert over heile Noreg. Bakkebø er sterk på kundefokus, kredittområdet og bankfaget, og har relevant erfaring frå krevjande omstillingsprosessar, seier Anita Krohn Traaseth, administrerande direktør i Innovasjon Noreg.
-Næringslivet står i ei brytningstid der digitalisering og robotisering utfordrar det eksisterande. Dette gir også Innovasjon Noreg nye muligheiter. Eg ser frem til å kunne bidra med min kompetanse, og gjennom godt samarbeid vidareutvikle banktenestene til Innovasjon Noreg i tråd med digitaliseringsarbeidet organisasjonen står i, seier Bakkebø.
Stillinga som finansieringsdirektør er nyoppretta i leiargruppa i Innovasjon Noreg.
Bakkebø byrjar i stillinga 1. oktober 2018.
Totalt var det 33 søkjarar på stillinga. Rekrutteringsbyrået Capus har bistått tilsetjingsprosessen.
For spørsmål, ta kontakt med kommunikasjonsavdelinga i Innovasjon Noreg:
media@innovasjonnorge.no, tlf. 482 12 437