En konferansesal med mange tilhørerere og tre personer på podiet
© Maskot

Innovasjon handlar om å skapa nye vegar til suksess. På Innovasjonsdagen Sogn 2026 får du inspirasjon frå nokre av dei fremste innan innovasjon. Årets tema er «frå moglegheit til endring og resultat».

BeskrivelseForedragsholdere

Grip sjansen til å utvida ditt nettverk og utvikla framtida saman.

Innovasjonsdagen Sogn er møteplassen for bedrifter og gründerar som vil liggje i forkant av utviklinga.

Kunstig intelligens, ny teknologi, endra marknader og nye forventningar frå kundar og tilsette endrar spelereglane for næringslivet. Korleis kan vi bruke desse endringane til å skape nye moglegheiter og styrkje konkurransekrafta?

På Innovasjonsdagen Sogn 2026 møter du inspirerande foredragshaldarar, gründerar og fagpersonar som delar innsikt, erfaringar og konkrete verktøy innan teknologi, marknad og leiing. Du får praktiske råd og nye perspektiv på korleis moglegheiter kan omsetjast til utvikling, endring og resultat.


Program

08.30 Registrering og kaffi

09.15 Morten Goodwin
Nøkkelen til å lykkast i bedrifta di med neste generasjon kunstig intelligens

10.00 Beinstrekk og kaffi

10.20 Ingvild Moen & Olav Mellingsæter
Slutt å gjette kortaste veg til kundar, kapital og samarbeidspartnarar

11.05 Lokalgründer: Erik Koopmans
Flokk & Fjell frå Sandane til verda!

11.15 Beinstrekk og kaffi

11.35 Lokalgründer: Gudvin Haraldson
Frå jord til bord med Finetech

11.45 Louise Fuchs
Frå kaos til kultur når ingen vil leiast

12.30 Kort beinstrekk

12.40 Dialog frå scena

13.00 Avslutning og lunsj


Les mer om foredragsholderne her


  • Morten Goodwin
  • Ingvild Moen
  • Olav Mellingsæter
  • Erik Koopmans
  • Gudvin Haraldsson
  • Louise Fuchs

Kontakt

Ann Elisabeth Tveit

Arrangører

INNOVASJON NORGE
KUNNSKAPSPARKEN VESTLAND AS
SOGN NÆRING AS