Gir næringslivet i Vestland eit hav av moglegheiter

Frå ferske gründerar til tradisjonsrik industri - Vestland er fylket med høgast verdiskaping og mest eksport i landet. Med draghjelp frå vårt Vestland-kontor skyt næringslivet fart ut i verda.
Bilde fra Høyanger
Utviklar framtidas industri: Her frå Høyanger, kor ein av Grøn Region Vestland sine hubbar ligg.
© Morten Wanvik / Grøn Region Vestland

- Eg trur eg har verdas beste jobb som får drive med dette, seier Sigrid Alice Hovland og smiler.

Ho er avdelingsleiar for kontoret vårt i Sogndal, som saman med kontoret i Bergen er viktige sparringspartnarar for næringslivet i Vestland - og på den måten hjelper dei med å lykkast.

- Vestland er ikkje berre geografisk stort, men også variert. Ved å ha fleire kontorlokale kan vi betre dekke dei ulike behova - og sikre at vi har ei nær og god forståing av regionen sine variasjonar og moglegheiter. Dette er også noko næringslivet set pris på og som sikrar god oppfølging, slår ho fast.

Bilde av: Sigrid Alice Hovland
Avdelingsleiar for Sogndal-kontoret, Sigrid Alice Hovland.

Meir enn ein pengesekk

Dei erfarne rådgjevarane i Bergen og Sogndal hjelper ferske gründerar som treng starthjelp, etablerte selskap som skal ut i verda, tradisjonsrike bedrifter som skal omstille seg - og alt derimellom. Vi følgjer selskapa gjennom heile reisa, frå idéutvikling til kommersialisering og internasjonal vekst.

«Vi tilbyr ein unik kombinasjon av kapital, kompetanse og nettverk - både nasjonalt og internasjonalt - gjennom kontora våre i innland og utland. At vi kan støtte bedrifter på ein heilskapleg måte, er den store styrken vår.»

— Avdelingsleiar i Sogndal, Sigrid Alice Hovland

Ho peikar på forsking som viser at kombinasjonen av utfyllande kompetanse og kapital aukar sjansane for suksess.

- I Vestland ser vi eit næringsliv som aktivt søker samarbeid, noko som gir dei eit fortrinn når dei skal innovere og vekse.

Produktiv region som ser ut i verda

Mange av næringane i fylket er knytt til havet - som fiskeri, skipsfart og ikkje minst olje og gass. I tillegg er mykje industri bygd rundt tilgangen til vasskraft.

Vestland er òg eit svært viktig reiselivsfylke, kjend for spektakulære fjordar, fjell og fossefall, og ei rik kulturarv som trekkjer til seg besøkjande frå heile verda.

Som ein stor mjølkeregion og det nest største fruktfylket, har Vestland i tillegg ei sentral rolle i norsk landbruk og matproduksjon. Storfe- og sauehald er viktig for mange bygdesamfunn, og det gunstige jordsmonnet og klimaet legg til rette for produksjon av frukt, bær og sider av høg kvalitet. Hardanger er særleg kjend for morellar, eple og prisvinnande sider, medan Sogn og Nordfjord står for ein stor del av den norske bringebærproduksjonen. Lærdal utmerkar seg som Noregs største produsent av morellar og står for om lag halvparten av den norske produksjonen.

- Det er ein svært produktiv region som ser ut i verda. Framover ønskjer vi også å posisjonere regionen innan den maritime delen av forsvarsindustrien, fortel regionsdirektør Aslak Sverdrup.

Mest lån og tilskot

Han trekkjer fram at Vestland er fylket med både høgast verdiskaping og mest eksport.

- Her finn vi også flest av kundane våre som mottar verkemidla våre: Vi er den regionen som leverer flest og mest lån og tilskot.

I fjor blei det satt ny rekord med 1,6 milliardar kroner i innvilga lån og tilskot - kor 1,1 milliardar var lån.

- Dette skyldast i stor grad at vi har mange modne bedrifter som no omstiller seg. Mellom anna oppgraderer fiskeflåten fartøya sine, utdjupar Sverdrup.

Portrett Aslak Sverdrup
Regionsdirektør for Vestland, Aslak Sverdrup.
© Hans Jørgen Brun

Sigrid Alice Hovland påpeikar at Vestland har forvalta naturgitte ressursar på ein framifrå måte. Det har skapt eit sterkt og konkurransedyktig næringsliv, både nasjonalt og internasjonalt, der fleire selskap er leiande aktørar innan sine bransjar.

- Næringslivet her har vore drive av marknadsbehov og marknadsmoglegheiter. Stadig omstilling, vekst og utvikling gjer at dei fortset å vere relevante.

Kler verda med norsk kvalitetstekstil

Blant dei tradisjonsrike bedriftene vi har losa gjennom omstilling er Innvik. Frå bygda med same namn i Nordfjord, produserer dei møbelstoff til industri- og arkitektprosjekt over heile verda.

Den 135 år gamle bedrifta har dei seinare åra blitt stadig meir eksportretta. I dag stammar rundt 90 prosent av omsetninga frå ein internasjonal marknad – takka vere kvalitet, fagkompetanse og berekraftig produksjon.

- tillegg har Innovasjon Noreg har vore utløysande for at vi har lege i front på det grøne skiftet, som igjen har gitt oss grunnlag for ein tosifra omsetningsvekst, påpeikar dagleg leiar Bjørn Aage Haugen.

«Innovasjon Noreg si risikoavlastning har gjort det mogleg å investere for framtida. Dei har ei svært viktig rolle som brubyggjar mellom eigarar og bank, og vi er svært nøgde med samarbeidet.»

— Bjørn Aage Haugen, dagleg leiar i Innvik

Han trekkjer særleg fram flinke lokale rådgjevarar og saksbehandlarar som viser vilje og interesse for å finne gode løysingar for finansiering.

- At saksbehandlaren har kompetanse innan industri, er heilt avgjerande.

Mann som jobber med en tekstilmaskin
Innvik produserer møbelstoff til industri- og arkitektprosjekt over heile verda.
© Innvik
Mann som jobber med en tekstilmaskin
Med hjelp frå Innovasjon Noreg har Innvik lukkast med å omstille seg, og har no dobla omsetninga.
© Innvik

Austevoll-robot inntar globale hamner

Frå Austevoll er ein heilt annan type industri i gang med å segle inn på verdsmarknadane, med god draghjelp frå vårt Vestland-kontor.

ECOsubsea har utvikla ein unik og verdsleiande vaskerobot for skip som fjernar groe, altså organismane som veks på skrog - på ein raskare, tryggare og meir miljøvennleg måte. Eit reint skrog gir mindre friksjon i vatnet, noko som sparer store mengder drivstoff, og dermed CO₂-utslepp og kostnadar. ECOsubsea si løysing hindrar òg at invaderande framandarter, giftstoff og mikroplast blir spreidd - noko tradisjonelle vaskemetodar gjer.

CEO Tor Østervold er ikkje i tvil om vårt bidrag for selskapet.

- Innovasjon Noreg har vore med oss frå dag éin, og er avgjerande for at vi er der vi er i dag. Gjennom tilskota, låna og rådgjevinga deira har vi kunna ta større og raskare steg.

«Utruleg mange kloke hovud jobbar i Innovasjon Noreg, både lokalt og globalt. Det er uhyre verdifullt for selskap som skal ut i den store verda.»

— Tor Østervold, CEO i ECOsubsea

No planlegg selskapet mellom anna å byggje 30 vaskestasjonar globalt - noko som vil kunne spare verda for 50 millionar tonn CO2. Det tilsvarar Noreg sine årlege utslepp.

Østervold understrekjer at Vestland-kontoret også har vore viktig for å opne dører til verda,  mellom anna gjennom å sette dei i kontakt med sine kontor i utlandet.

- Nettverket dei gir deg tilgang til gjer at du kan kome ut i den globale marknaden mykje raskare enn du ville klart på eiga hand, seier gründeren.

Et stort skip med et mindre skip ved siden av
ECOsubsea sin vaskerobot vaskar stadig fleire skip verda over og sparar store CO2-utslepp.
© ECOsubsea

Grøn Region Vestland: Samarbeider om å utnytte ressursane

At Vestland er størst i landet på verdiskaping, eksport og kraft, gjer òg at dei er størst på utslepp. For å møte denne utfordringa har Innovasjon Noreg og Vestland fylkeskommune etablert "Grøn Region Vestland" - eit prosjekt som både skal redusere karbonavtrykket i regionen og samtidig auke verdiskapinga og eksporten. 

«Vestland har ein sterk, framoverlent industrikultur, og vi har lange tradisjonar for å tilpasse oss marknadsutviklinga og det som skjer rundt oss.»

— Heidi Gaustad, prosjektleiar for Grøn Region Vestland

Ho poengterer at fylket står midt i ei stor og spennande omstilling, med behov for å frikople seg frå olje- og gassinntekter.

- Vi treng å tenkje nytt for å få til meir med mindre ressursar. Samstundes er det eit enormt behov for å fylle energigapet med fornybar energi.

Bilde av: Heidi Synnøve Gaustad
Heidi Gaustad er prosjektleiar for Grøn Region Vestland.

Bedriftene i Vestland utmerkjer seg allereie som verdsleiande innan viktig teknologi for grøn omstilling, som CO2-fangst og -lagring, grøn aluminiumsproduksjon, havvind og skipsfart.

Grøn Region Vestland skal sette ekstra fart på dei nye grøne verdikjedene, gjennom samarbeid på tvers.

- Det handlar om industriell symbiose - korleis vi kan få til meir med mindre, gjennom å tenkje fleirbruk, gjenbruk og sambruk av dei ulike ressursane. Ein aktør sitt restprodukt kan vere verdifullt for ein annan aktør, poengterer Gaustad.

Som ein del av det sirkulære prosjektet er det etablert 19 grøne hubbar i heile fylket, der over 300 innovasjonsprosjekt er i gang.

- Til dømes kan slam frå havbruk bli omdanna til biodrivstoff, eller restvarme frå ein fabrikk utnyttast i ny produksjon, nemner Gaustad.

Les meir om den grøne omstillinga av industrien i Vestland

Frå farleg industriavfall til verdifull mineralproduksjon

I den gamle industristaden Høyanger ligg éin av Grøn Region Vestland sine hubbar: "Sirkulære Høyanger", kor ei rekkje nyskapande samarbeidsprosjekt no er i støypeskeia. Til liks med mange samfunn langs kysten har prosessindustrien her spelt ei svært viktig rolle. Men produksjonen skapar også avfall som inneheld tungmetall og andre miljøfarlege stoff.

- Det paradoksale er at slikt avfall inneheld store mengder mineral som er etterspurde i moderne teknologi, som el-bilar, elektronikk og kraftproduksjon, fortel Ådne Tveit.

Han er ein av gründerane bak Refacture, som har funne ei løysing på dette. Med hjelp av ny plasmateknologi kan dei bryte ned avfallet til sine minste bestanddelar, og dermed produsere reine grunnstoff eller mineral.

Selskapet byggjer no eit pilotanlegg i det tidlegare Fundo-anlegget i Høyanger, som er ein del av den grøne hubben. Ei avtale med Norsk Hydro sikrar dei tilgang til tusenvis av tonn med farleg avfall frå aluminiumsindustrien.

- Nokre av dei ferdige produkta blir selt tilbake til Hydro og bidrar til sirkulær produksjon, medan andre produkt blir selt på den opne marknaden. Det viktigaste av desse er silisiumkarbid, som det er raskt aukande etterspurnad etter, særleg frå bilindustrien, fortel gründeren.

Anlegg for mineralutvinning
Pilotanlegg: I det tidlegare Fundo-anlegget i Høyanger byggjer no Refacture eit nyskapande anlegg for mineralutvinning.
© Refacture

Sikrar lokal verdiskaping

Kostnadene for pilotanlegget er på 32 millionar kroner, og vi bidrar med halvparten.

- Utan støtta frå Innovasjon Noreg hadde ikkje Refacture etablert seg i Noreg, fastslår Tveit.

- Med så mykje forsking og utvikling som skal til for å byggje denne industrien, er det heilt avgjerande med risikoavlastande kapital for å få med private investorar. Innovasjon Noreg har vore ein uventa smidig partner for oss, seier Tveit.

Han framhevar særleg samarbeidet med sine lokale representantar, som Rune Henjesand i Sogndal.

- Med si lange erfaring og inngåande kjennskap til industrimiljøet i Høyanger, såg han raskt fordelane for industrien og lokalsamfunnet ved at Refacture etablerte seg der.

Selskapet skal etter planen sysselsetje 30-40 personar i Sogn.

Gründeren trekkjer òg fram vår viktige rolle i å hjelpe selskapet med EU-midlar, ettersom EU ønskjer å auke mineralproduksjonen i Europa.

- Innovasjon Noreg har heilt unik kompetanse og samarbeidsvilje også på dette området. Trine Smukkestad Lavik ved Sogndal-kontoret har verkeleg halde oss i handa på veg mot Brüssel.