Hopp til hovedinnhold

Indrefjord gard vinnar av BU-prisen for Vestland 2023

Prisvinnerne og deres to barn står med blomster og diplom ved siden av fylkesordføreren© Innovasjon Norge
Prisvinnarane Ole-Ivar Åm Sognnes og Ina Margrete Nordahl Sognnes hadde med seg borna Ingeborg og Marie på prisutdelinga. Her står dei saman mellom Eirik Brekke frå Innovasjon Noreg i Vestland og fylkesordførar Jon Askeland.
Å tenkje utanfor boksa og sjå nye moglegheiter for økonomisk gevinst vart vinnaroppskrift for Indrefjord Gard!

På Indrefjord Gard får ungdom med utfordringar og ekstra behov nye moglegheiter. Hjå Ina Nordahl Sognnes og Ole-Ivar Åm Sognnes kan dei til og med få jobb.

- Regionsvinnaren av Bedriftsutviklingsprisen i landbruket i Vestland viser kva det er muleg å få til om eit gardbrukar-par arbeider målretta for å utvikle garden, tørr å satse - og bygge stein på stein. Med utgangspunkt i eit middels stort Vestlands-bruk i Hyllestad og eit breitt interessefelt har dei skapt 4–5 arbeidsplassar innan mjølkeproduksjon, bygdeservice, Hest i næring og Inn på tunet-tenester, seier Rolf Sørland, konstituert regiondirektør i Innovasjon Norge Vestland.

Gir vilje til vidare innsats

Ina og Ole-Ivar er glade for no å kunne kalle seg BU-prisvinnar:

- Prisen gjev oss motivasjon til å satse vidare. Vi er takknemlege og glade for nominasjon og tildeling av prisen. Det er fantastisk at vår innsats og drift vert lagt merke til. For oss gjev dette inspirasjon og motivasjon til å fortsette arbeidet med å utvikle garden inn i framtida, seier Ole-Ivar, som legg til at BU-prisen er med på å synleggjere ulike driftsformer og tilleggsnæring i landbruket.

Lausdrift, mangesysleri og samhald

I 2016 tok dei steget og starta bygginga av eitt av dei minste lausdrift fjøsa i Vestland på den tida. Dritsbygget sto klart i 2019 etter ein formidabel eigeninnsats. Der har dei om lag 25 mjølkekyr og 75 storfe totalt, samt 7 hestar. Dei har ei mjølkekvote på 160 tonn og leverer om lag 10 tonn storfekjøtt kvart år.

Innan bygdeservice tilbyr dei ulike oppdrag innan park, hage, landbruk og anleggsarbeid til private og offentlege kundar.

Hestane er ein naturleg del av ressursgrunnlaget og vert nytta til ulike føremål når det er hensiktsmessig. Alt ifrå gardsarbeid, guida turar og arbeidsoppdrag. Gjeting og tilsyn av storfe på utmarksbeite er ein populær aktivitet som har gitt mykje merksemd. Hest er også eit vesentleg element i Inn på Tunet-aktiviteten.

Nye byggeprosjekt

Det neste byggeprosjektet er no i startfasa, med eit tilbygg til driftsbygg som skal betre fasilitetane for Inn på tunet-tenestene og hestane deira. Med to born, begge ektefellane aktive i drifta og mange tenester som skal leverast er det ein hektisk kvardag på garden.

- Vi har stort sett hatt 1-2 tilsette på heiltid, i tillegg til ekstrahjelp og avløysarar. Alle involverte står på i tøffe periodar, enten det er onnearbeid eller byggeprosjekt. I den daglege drifta har vi fokus på rutinar og utføring av dei ulike oppgåvene, seier Ole-Ivar.

Prisvinnaren meiner Innovasjon Noreg har vore viktige for å få til det dei har gjort:

- Innovasjon Noreg har vore ein aktiv støttespelar i to omgangar for bruksutbygging og bidrege til å realisere planane her på garden, slik at vi har fått realisert nytt driftsbygg til mjølkeproduksjon, og er i gang med eit nytt prosjekt til Inn på tunet og hestane. Felles for begge prosjekta er høg eigeninnsats, støtte frå Innovasjon Noreg og finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane. Støtta frå Innovasjon Noreg var eit vesentleg bidrag for at vi kan gjennomføre prosjekta, avsluttar han.

Publisert :
Sist oppdatert :