Hopp til innhold
  • EN
  • Logg inn
  • Tilbyr smakfull safari

    Historia fortel at epledyrking kom til Hardanger med munkar for rundt 800 år sidan. Sider har vore produsert på gardane sidan 1800-tallet og har altså lange tradisjonar i Hardanger. Foto: Vegard Breie
    Historia fortel at epledyrking kom til Hardanger med munkar for rundt 800 år sidan. Sider har vore produsert på gardane sidan 1800-tallet og har altså lange tradisjonar i Hardanger.Foto: Vegard Breie

    No treng du ikkje sjå utover landegrensene for å reise på safari, for i Hardanger har kreativiteten blomstra under pandemien og resultert i sidersafari på Sørfjorden. På safarien får du kortreist sider produsert på gardar som ligg mellom høge fjell og djupe fjordarmar.

    Hardanger Siderprodusentlag vart skipa i 2003 og kun tre produsentar hadde produksjonsløyve. I 2009 fekk dei godkjent den geografisk beskytta nemninga «Sider frå Hardanger», og i dag er det heile 23 siderprodusentar med profesjonelt siderløyve i Hardanger.

    - Det er den heilskaplege satsinga som inkluderer natur, kultur, mat og drikke som gjer oss attraktive. Tildelinga av «Bedriftsutviklingsprisen i landbruket for Vestland 2021» er ei flott verdsetjing av innsatsen me har gjort i lag, og ei premiering av dei som evnar og har lyst å samarbeide, seier Kjetil Widding, leiar for Siderklynga i Hardanger, og legg til:

    - Me er særs takknemlege for BU-prisen, og er glade for at klyngearbeidet og samarbeidsstrukturen ber frukter.

     

     

    Samarbeid gjev større vekst

    Smakfull sider serveres på safari langs Sørfjorden i Hardanger. Foto: Øystein Grutle Haara
    Smakfull sider serveres på safari langs Sørfjorden i Hardanger.Foto: Øystein Grutle Haara


    Siderklynga har utvikla og kommersialisert koplinga mellom gardsoppleving, transportselskap og lokale hotell. Hovudattraksjonen er båtsafari med besøk på gardsbruk med sidersmaking og servering av lokalmat. Det er den moderne hybridbåten Vision of The Fjords som er i bruk til dette, men det store målet er å få på plass ein eigen siderbåt som går på hydrogen. Det blir jobba for at denne skal vere på plass i løpet av 2-3 år.

    Reiselivsprodukta har slege godt an, trass i to høgsesongar med koronarestriksjonar. Felles målsetjing og gode samarbeidsplattformer har vist seg å vere ein nøkkelfaktor for suksess. 

     - Ideen har heile tida vore at utviklinga og verdiskapinga innan sider vert større ved å samarbeide, enn ved at kvar aktør jobbar stykkevis og delt. Satsinga består ikkje berre av èin stor aktør, men heile 23 produsentar spreidd over heile Hardanger, fortel Widding stolt.

    Ringverknader for regionen

    - Siderklynga i Hardanger gir store ringverknader for siderprodusentane, reiselivet og andre aktørar i regionen. Klynga er i dag eit viktig kompetanse- og utviklingsmiljø, og siderproduksjonen i Hardanger hadde ikkje vore der den er i dag utan det konstruktive og fruktbare samarbeidet gjennom klynga, seier Nina Broch Mathisen, regiondirektør for Innovasjon Norge Vestland.

    Åkre gård lager Edel sider og er en av produsentene på laget. Foto: Edel Sider/Yrjan Olsnes
    Åkre gård lager Edel sider og er en av produsentene på laget.Foto: Edel Sider/Yrjan Olsnes


    Klynga bidreg òg med å rekruttere folk til fruktgardar i Hardanger, noko som har ført til ein stor optimisme i fruktmiljøet og lokalsamfunna i Hardanger.

    Økonomien til dei deltakande bedriftene er god og desse har teke grep og mange har kome styrka ut av pandemien ved å setje i gang innovative samarbeidsprosjekt, som sidersafari og gardsbesøk. 

     - Siderklynga i Hardanger scorar høgt når det gjeld nytenking og samarbeid på tvers av ulike næringar. Klynga har bidrege med kompetanse og optimisme for heile regionen i ei krevjande tid under koronapandemien, og med eit tildels nedstengt samfunn, tilføyer Broch Mathisen.

    Siderklynga i Hardanger fekk Bedriftsutviklingsprisen i landbruket for Vestfold i fjor. Her er leiar for Innovasjon Norge Vestland Nina Broch Mathiesen, leiar for Siderklynga Kjetil Widding, styreleder i Siderklynga Asbjørn Børsheim og Olav Bleie i Alde Sider. Foto: Innovasjon Norge
    Siderklynga i Hardanger fekk Bedriftsutviklingsprisen i landbruket for Vestfold i fjor. Her er leiar for Innovasjon Norge Vestland Nina Broch Mathiesen, leiar for Siderklynga Kjetil Widding, styreleder i Siderklynga Asbjørn Børsheim og Olav Bleie i Alde Sider.Foto: Innovasjon Norge

     

    Mål om å doble omsetninga

    Framover har klynga planar om å delta i Sider-VM i Bergen i 2022 og bli tekne opp i klyngenettverket Arena. Klynga ser positivt på framtida og har sett seg mål å doble omsetninga i 2022, og visjonane stoppar ikkje der.

    - Målsetjinga er at når du høyrer ordet Hardanger tenker du ikkje fyrst og fremst på fjord og fjell, men på sider, seier Olav Bleie i Alde Sider AS, som er ein av drivkreftene i siderklynga.

     

     

    Kontorer som har bidratt