To selskap får millionstøtte frå EU med bistand frå Innovasjon Noreg

Ocean Visuals frå Ålesund og DoMore Diagnostics frå Oslo har nådd toppen i hard konkurranse i EIC Accelerator-programmet. Dei får til saman 4,7 millionar euro i støtte og tilbod om eigenkapital.
Ocean Visuals SEA OWL med høgteknologiske sensorar. Blå og metallfarga boks.
Ocean Visuals SEA OWL med høgteknologiske sensorar.
© Ocean Visuals

- Desse to selskapa viser at norske løysingar og verksemder er konkurransedyktige på høgaste nivå, seier Håkon Haugli, administrerande direktør i Innovasjon Noreg. – Gjennom å bruke kunstig intelligens opnar DoMore Diagnostics for nye og langt meir presise behandlingsmåtar innanfor kreft. På tilsvarande vis kan Ocean Visuals redusere skadane ved oljesøl gjennom å bruke den mest avanserte sensorteknologien. Dette er løysingar heile verda treng, og vi er stolte over å ha bidratt til at desse selskapa lykkast med sine søknadar til EU.

Av 1083 selskap som søkte støtte var 40 norske, elleve kom til intervju, og to fekk støtte. Det er eit godt resultat, langt over snittet for deltakarlanda.

Høgteknologiske sensorar utvikla i Ålesund

Ocean Visuals er eit teknologiselskap basert i Ålesund, som utviklar og leverer sensorsystem for å samle og lagre data om oljelekkasjar i havet i sanntid. Sensorane blir monterte på offshore-båtar, ferjer, oljeriggar og bøyer, eller på dronar, helikopter og overvåkingsfly. Sensorane skapar data om kva slag olje som er funne i vatnet, ned på molekylnivå.

Selskapet får 2,2 millionar euro frå EIC Accelerator og tilbod om inntil 6,2 millionar euro i matching om selskapet seinare hentar inn kapital. Ocean Visuals har tidlegare fått støtte frå Utanriksdepartementet, Norway Grants, Forskningsrådet og Innovasjon Noreg.

- Vi bygger kostbare sensorsystem basert på laserteknologi. Tilskotet frå EIC Accelerator vil gjere det enklare for oss å skaffe komponentar til seriar av sensorar, vi kan seriebygge sensorar med lågare kostnad. Vi vil ha sensorar tilgjengelege på kort varsel, og gradvis ekspandere i dei marknadene som er relevante, seier Christian Testman, administrerande direktør i Ocean Visuals. - Støtta frå EU gir oss moglegheit til å bygge verdifulle partnarskap med kundar og organisasjonar i fleire land, utvide teamet, oppskalere produksjonen og kommersialisere produkta våre.

Behandlar kreft betre med kunstig intelligens

DoMore Diagnostics bruker kunstig intelligens for å tilpasse behandlinga av tjukk- og endetarmskreft til kvar enkelt pasient. Teknologien gjer at selskapet kan føresjå pasientane sine utfall basert på kreftsvulsten, og identifisere dei pasientane som har nytte av cellegift etter ei operasjon. Selskapet får 2,5 millionar euro i støtte og tilbod om inntil 7,5 millionar euro i matching om selskapet seinare hentar inn kapital.

Torbjørn Furuseth er dagleg leiar og medgrunnleggjar. Han legg stor vekt på støtta frå EU:

- Tildelinga representerer ei viktig ekstern validering av utviklingsplanane våre og stadfestar det unike og høge kommersielle potensialet til teknologien vår. Med støtta frå EIC Accelerator-programmet kan vi gjere betydelege framsteg mot vårt mål om å sikre persontilpassa kreftbehandling til alle kreftpasientar, seier Furuseth.

Om EIC Accelerator

EIC Akselerator (European Innovation Council Accelerator) er ei finansieringsordning i EU der små og mellomstore bedrifter kan søke om tilskot på inntil 2,5 millionar euro og eigenkapital på inntil 15 millionar euro. Finansieringa går til banebrytande innovasjonar med stort potensial forinternasjonal vekst og betydeleg positiv effekt på miljø og samfunn.

Innovasjon Noreg er nasjonalt kontaktpunkt for EIC Accelerator og bidrar med rådgiving i utviklinga av søknadene til EIC, pitching og trening i å svare på krevjande spørsmål frå ein jury i Brussel.