Bedriftsutviklingsprisen i landbruket 2026

Kvart år deler vi ut Bedriftsutviklingsprisen i landbruket. Vi kårar fyrst ein vinnar i kvart fylke som får 50 000 kroner og går vidare i konkurransen om den nasjonale prisen.
I fjor var det Brødrene Freberg som vann Bedriftsutviklingsprisen i landbruket. Dei to andre nominerte var Valdresmeieriet fra Valdres og Galåvolden Gård fra Røros.
Sjå alle dei regionale vinnarane frå 2026 lenger ned på denne sida.
- Innovasjon Noreg delar kvart år ut Bedriftsutviklingsprisen i landbruket på oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet
- Det er ein bedrifts- og næringsutviklingspris for etablerarar av vellukka bedrift eller næring med basis i landbrukets og bygdenes ressursar
- I kvart fylke vert det kåra ein vinner som mottek 50 000 kroner
- Dei fylkesvise vinnarane kjempar om den nasjonale prisen på 250 000 kroner
No har du sjansen
I år kan du stikke av med den gjeve tittelen og pengepremien, samt heider og ære. Vi søkjer bedrifter eller personar med næringsverksemd med basis i landbrukets og bygdenes ressursar. Det er også mogleg for andre enn bedriftseigar å melde på ein kandidat til prisen.
Krav til kandidatar
Vi vurderar utifrå følgande kriteria:
Berekraft
- Økonomisk resultat/lønsemd
- Sosialt som sysselsetting og ringverknader i lokalsamfunnet
- Miljømessig som utnytting av lokale ressursar, fremme av lokal kultur og reduserte utslepp
Innovasjon/nyskaping
Påmelding
Påmeldingsfristen har gått ut. Ta kontakt med ditt regionskontor hvis lurer på noe om Bedriftsutviklingsprisen i landbruket.