Svinvik Gard vinn BU-prisen i Møre og Romsdal
På garden i Svinvika har det vore tradisjon for å tenke nytt. Tore og Kristina Svinvik stod ved eit vegskilje då dei tok over garden i 2015. Dei tok et modig val. Mjølkeproduksjon eller restaurantdrift. Dei valde det siste og gardsrestauranten Svinvik såg dagens lys.
- Denne prisen setter vi utruleg høgt, seier Kristina Svinvik.
- I 2015 tok vi eit val om å leggje ned drifta på tradisjonelt landbruk i Svinvika, og heller satse på andre moglegheiter garden ga oss. Vårt mål og ønske har heile tida vore å fremme landbruket på ein god måte gjennom vår restaurant i fjøset. Denne prisen gir oss inspirasjon og motivasjon til å utvikle restauranten og garden vidare.
God totaloppleving
Med utgangspunkt i gardens historie og Kristina si erfaring som kokk og matformidlar har dei bygd opp gardsrestauranten Svinvik Gard. Fjøsen er bygd om til ein moderne restaurant samtidig som bygget viser ei historie frå tidligare tiders husdyrhald. Tore har også gått inn i restaurantdrifta på heiltid både i servering og som altmoglegmann.
Med basis i råvarer som er hausta og henta frå naturen og lokalsamfunnet byr dei på smaken av fjell og fjord. Kombinasjonen av mat basert på sesongens lokale råvarer og gardens historie gir besøkande ei god totaloppleving.
Berekraft i fokus
Svinvik Gard har fokus på at mest mogleg av råvarene skal vere lokale. Dei har difor kontakt med lokale bønder og kjøper det som er mogleg frå lokale leverandørar. Dei fokuserer også på dei lokale opplevingane i området og på redusert utslepp gjennom lokale innkjøp. Gjennom samarbeid er Svinvik Gard med på å løfte andre verksemder i lokalsamfunnet, mellom anna i landbruket, hotell og underhaldningsaktørar.
Dei siste åra har Kristina og Tore Svinvik bygd opp bedrifta til å vere økonomisk berekraftig. Restauranten gir fulltidsarbeid for både Kristina og Tore. I tillegg har det vorte ein viktig arbeidsplass - særleg for lokale ungdomar. Dette er verdifulle arbeidsplassar i distriktet. Dei bidrar også til sysselsetting hos andre gjennom lokalt samarbeid og innkjøp.
Veldig imponert
Innovasjon Noreg er veldig imponert over jobben som prisvinnarane har gjort i Svinvika:
- Vi er veldig imponert over jobben Kristina og Tore har gjort. Dei har skapt verdifulle arbeidsplassar i distriktet, både for seg sjølve og for dei tilsette, som nesten alle er under 35 år. Dei har oppnådd gode resultat ved å ta i bruk dei moglegheitene som ligger i landbruket, gode råvarer og kundeopplevingar, seier regiondirektør for Innovasjon Noreg i Møre og Romsdal, Helge Gjerde.