Norske armband kan redda liv til sjøs

Teknologiselskapet Dimeq løyser kommunikasjonsproblem til sjøs. Kjerna er eit armband som kvar enkelt arbeidar om bord har på seg.
En arbeider som trykker på en skjerm
Dimeq si tryggingsløysing byggast i Bremanger, av folk med saltvatn i årene.
© Dimeq
SelskapDimeq
LokasjonBremanger

Armbandet kommuniserer med eit nettverk av sensorar som Dimeq installerer om bord i båten. Tryggingssystemet kallar dei EyeD og lagar det for den maritime næringa, både innan fiskeri, havbruk og offshore.

Saltvatn i årene

Selskapet frå Bremanger starta med erfaringar dei sjølv hadde på sjøen, fortel administrerande direktør og gründer Ronny Bakke.

– Min far Audun har over 40 år bak seg som kaptein innan cruise og offshore, og eg har sjølv jobba tolv år på seismikkfartøy. Vi har begge opplevd alvorlege hendingar om bord.

Dimeq har utvikla og patentert systemet fordi vanlege trådlause signal fungerer dårleg i stålmiljøet på ein båt. Systemet deira gjer at dersom nokken fell over bord, vert det varsla automatisk med ein gong. I ein naudsituasjon ser kapteinen raskt kvar mannskapet er, og mønstringa skjer automatisk, i staden for manuelt opprop på eit tidspunkt der tid er svært verdifull.

Ronnys far, Audun Bakke, opplevde ein brann om bord i 2010, og Ronny opplevde ein mann-over-bord-hending i Mexico-gulfen i 2015, der ein kollega låg i sjøen i tre timar før han vart redda. Ingen om bord hadde fått med seg at han mangla.

– Dette er personleg for oss, fortel Bakke.

Løysinga byggast i Bremanger, av folk med saltvatn i årene.

Skip på havet i Brasil
Dimeq har mål om ein komplett sikkerhetsplattform for heile den maritime næringa, frå store fartøy til sjarken og merdkanten.
© Getty Images

Patentert løysning

Trådlause signal fungerer dårleg til sjøs, og det har vore utfordringa Bakke og Dimeq har tatt sikte på å løyse.

– Vi har løyst kommunikasjonsproblemet i stål. Trådlause signal fungerer dårleg, og kabling er dyrt. Vi har utvikla ein eigen teknologi som gir påliteleg datakommunikasjon gjennom heile fartøyet, fortel Bakke.

Løysninga har dei patentert, og den er tilpassa dei som skal bruke den.

– Vi veit korleis ein naudsituasjon faktisk oppleves, og vi har bygd systemet for dei som skal bruke det, ikkje for eit datablad, seier han.

Han fortel at dei også vil fortsette å utvikle systemet for mindre båtar.

Ein viktig støttespelar

Bakke trekker fram Innovasjon Noreg som ein viktig støttespelar for bedrifta.

– Det beste eksemplet er innovasjonsprosjektet Innovasjon Noreg har finansiert, der vi gjennomførte eit pilotprosjekt saman med eit internasjonalt offshoreselskap. Systemet vart installert om bord og testa i fullskala drift.

Prosjektet endte i ein avtale med selskapet, og vart signert i august.

«Det er akkurat slik denne typen verkemiddel skal fungere: risikoavlasting i utviklingsfasen som førar til betalande kundar. For eit teknologiselskap i Bremanger som utviklar maskin- og programvare frå botnen av, er slik støtte avgjerande.»

— Ronny Bakke, gründer og administrerande direktør i Dimeq

Innovasjon Norge-direktør i Vestland, Ingar Valvik, er svært begeistra og imponert over kva selskapet i Bremanger har fått til.

– Dimeq er et godt eksempel på at utvikling og kommersialisering av ny teknologi tar tid, men at systematisk arbeid kan gi resultater. Over flere år har selskapet utviklet og verifisert løsningen i tett samarbeid med kunder og markedet, seier han.

Kommersialisering i fokus

No er kommersialiseringa i gang for det unge selskapet.

– EyeD har vore i kommersiell drift om bord på M/S Vestfart sidan mai 2025, med 100 prosent rapportert oppetid. I tillegg er systemet i kontinuerleg drift om bord på eit større offshorefartøy, der pilotprosjektet enda i ein kommersiell avtale.

Nyleg vant selskapet Nor-Fishing Innovation Award for 2026. Der trakk juryen fram innovasjonshøgde, næringsmessig relevans og dokumentert marknadspotensial.

– Målet er ein komplett sikkerhetsplattform for heile den maritime næringa, frå store fartøy til sjarken og merdkanten.

Sikkerheit er ei investering, meiner Bakke, og ikkje ein kostnad.

– Kvart år mister folk livet på sjøen, mange av dei i hendingar der minutt med betre oversikt kunne gjort forskjellen. Teknologien for å endre dette finnast no.

Publisert 9. okt. 2026Sist oppdatert 13. okt. 2026