Hopp til hovedinnhold

Rettleier om datasenter

Rader med servere i et datasenter.© Maverix Media/Innovasjon Noreg
- For å gjennomføre det grøne skiftet og lagre viktige data i Noreg, er vi heilt avhengig av datasenterkapasitet. På same tid er det viktig at digitale tenester kan produserast og at data kan lagrast i Noreg. Når vi legg til rette for datalagring på norsk jord, er det svært viktig å ivareta nasjonale sikkerheitsinteresser, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik.

No lanserer regjeringa i samarbeid med Innovasjon Noreg og fleire andre aktørar ein rettleiar for kommunane som står overfor mogelege datasenteretableringar.

Kor mykje kraft er tilgjengeleg i området? Vil etablering kunne kome i konflikt med eksisterande eller andre planlagde etableringar? kor mange arbeidsplassar vil prosjektet kunne utløyse og er det godt nok kvalitetssikra? Dette er nokre av spørsmåla kommunar bør stille seg før ein vurderer å seie ja til datasenteretablering.

I den nye rettleiaren får kommunane tips og råd om kva ein må passe på når ein datasenteraktør tar kontakt eller kommunen sjølv ønskjer å etablere eit datasenter.

-Rettleiaren vil gjere det enklare for kommunane å vurdere kva som er lurt å tenkje på når ein datasenteraktør ønskjer å etablere seg i kommunen. Mange kommunar har etterlyst ei slik sjekkliste, seier Gjelsvik.

Nokre kommunar har vore misfornøgd med datasenteretableringar. Fellesnemnaren er at etableringa har blitt seld inn som eit datasenter som skal gi mange arbeidsplassar, men har enda opp med kryptoutvinning og få eller ingen arbeidsplassar.

Innovasjon Noreg jobbar tett med både norske verksemder og kommunane, og ønsker å bidra til at norske kommunar tar gode avgjerder basert på riktig informasjon. Derfor var det naturlig at Innovasjon Norge deltok i arbeidet med utforming av en rettleiar for kommunane.

- Innovasjon Noregs avdeling Invest in Norway har lenge arbeidd både strategisk og operativt med etablering av datasenter, og vi har erfaring og nettverk i den norske så vel som den internasjonale datasenternæringa og i norske kommunar. Vi stiller gjerne opp for norske kommunar som treng rådgiving utover det dei finn i rettleieren, seier Finn Kristian Aamodt, leiar for Invest in Norway.

I rettleiaren blir det gitt åtte konkrete råd til kommunane:

  • Gjer ein bakgrunnssjekk av datasenteraktøren – inkludert eigarskap, rekneskap og forretningsmodell
  • Gjennomfør dei nødvendige planavklaringane
  • Still krav til utbyggjaren. Til dømes bør ein krevje gjenkjøpsavtaler slik at kommunen kan ta tilbake tomta dersom ho ikkje blir brukt til formålet
  • Sjekk om kommunen har ressursar til å støtte ei slik etablering
  • Sjekk om prosjektet er godt nok kvalitetssikra
  • Sjekk om kommunen drar nytte av etableringa innan eksisterande industri, til dømes ved bruk av restvarme eller fiberinfrastruktur
  • Sjekk kor mykje nettkapasitet som er tilgjengeleg regionalt og vurder dette opp mot andre planlagde etableringar
  • Ta kontakt med Innovasjon Noregs avdeling Invest in Norway ved behov for ekstra bistand

Regjeringa har planlagd å fremje ny ekomlov for Stortinget før sommaren. Den vil innebere registreringsplikt for datasenteroperatørar i Noreg, rapportering på kraft brukt til kryptoutvinning, og krav til forsvarleg sikkerheit på linje med telekomtilbydarar.

Rettleiaren vil oppdaterast om rammene endrar seg. Du finn rettleiaren her.

Bilde av : Benedicte Fasmer Waaler
Benedicte Fasmer Waaler
Spesialrådgiver
Publisert :
Sist oppdatert :