Bedriftsutviklingsprisen i landbruket 2025
VI deler kvart år ut Bedriftsutviklingsprisen i landbruket. Det vert kåra ein vinnar i kvart fylke som får 50 000 kroner. Fylkesvinnarane deltek så i konkurransen om den nasjonale prisen på 250 000 kroner.
I fjor var det Vossabia frå Vestland som vann den nasjonale prisen. Den mottok dei i samband med mat- og landbruksmessen Internationale Grüne Woche (IGW) i Berlin. Dei to andre nominerte, som også var til stades i Berlin, var Hørte gård frå Buskerud og Til Elise Fra Marius frå Nordland.
No har du sjansen
Vi søkjer bedrifter eller personar med næringsverksemd med basis i landbrukets og bygdenes ressursar. Det er også mogleg for andre enn bedriftseigar å melde på ein kandidat til prisen.
Kandidatane vert vurdert etter følgjande kriteria:
- Berekraft:
- Økonomisk resultat/lønsemd
- Sosialt som sysselsetting og ringverknader i lokalsamfunnet
- Miljømessig som utnytting av lokale ressursar, fremme av lokal kultur og reduserte utslepp
- Innovasjon/nyskaping
Meld deg på
Fristen for å melde seg elektronisk er dessverre ute. Ta kontakt med regionkontoret ditt for å undersøkje om det framleis er mogleg å melde seg som kandidat.