Eit effektivt og fleksibelt verkemiddel

Rapporten viser at ordninga maktar å fange opp mange av dei landbrukspolitiske målsetjingane om å vidareutvikle det tradisjonelle landbruket og støtte opp om anna landbruksbasert næringsutvikling.
Ordninga har hatt og har særleg stor betydning for investeringar i fornying av driftsbygningar i landbruket, og på den måten oppretthalde gardsbruk over heile landet. Ikkje minst gjeld dette for bønder som må tilpasse seg lausdriftskravet frå 2034.
På den andre sida peikar evalueringa på at forenkling av søknadsskjema og kriteria for ordninga er eit forbetringsområde. Like eins vert lang saksbehandlingstid, hovudsakleg på grunn av større pågang enn rammer, også trekt fram som eit område som byr på utfordringar. Samstundes vert «sparringflata» i søknadsløysinga trekt fram som noko verdfullt, her kan aktuelle søkjarar ha dialog med, få innspel og avklaringar frå Innovasjon Noreg før dei evt. utarbeider fullstendig søknad.
Også forholdet bøndene har til Innovasjon Norge og regional samhandling kjem positivt ut.
– Landbruk og IBU-midlane er eit stort og viktig oppdrag for Innovasjon Noreg, seier Silje Lesjø, direktør for landbruk i Innovasjon Noreg.
– Vi er svært tilfreds med resultata og funna i evalueringa, og vil sjå grundig på forbetringspunkta som evalueringa peikar på, seier Lesjø.
Fakta om IBU-midlene
Midlar til investering og bedriftsutvikling skal legge til rette for lønsam verdiskaping og bidra til sysselsetjing, busetjing og variert landbruk over heile landet. Verkeområdet er investeringar innan tradisjonelt landbruk og utvikling av andre landbruksbaserte næringar. Midlane vert sett av i jordbruksavtalen, og har auka frå 635 millioner kroner i 2020 til over 1,3 milliardar kroner i 2026.