Renndølsetra vinner regional landbrukspris

Eystein Opdøl og Jan Håvard Knee fra Renndølsetra tok imot prisen som vart utdelt av Innovasjon Norge under Innovasjonsfestivalen i Åndalsnes 6. november. Dei er stolte over tildelinga:
– Vi er utruleg stolte og takksame for denne anerkjenninga frå Innovasjon Norge. Prisen er ein fantastisk motivasjon for arbeidet vårt med lokalmat, reiseliv og tradisjonell seterdrift i Innerdalen, fortel prisvinnar Eystein Opdøl.
Regiondirektør for Innovasjon Noreg i Møre og Romsdal, Helge Gjerde, meiner at Renndølsetra er eit førebilete for landbruk- og reiselivsbedrifter:
– Renndølsetra er eit godt eksempel på korleis landbruket kan skape nye inntektsstraumar gjennom opplevingsbasert reiseliv. Verksemda kombinerer kulturarv, naturformidling og nyskaping på ein måte som styrker både lokalsamfunn og norsk reiseliv, seier Gjerde.
Tradisjon og nyskaping
Renndølsetra har røter tilbake til 1740, og blir i dag driven av Eystein Opdøl og Jan Håvard Knee. Dei kombinerer tradisjonelt seterdrift med ekte opplevingar for gjester. Slik har setra utvikla seg til å bli ein heilskapleg stad med overnatting, seterkafé, lokal mat og turar i naturen.
All mjølk blir foredla på setra og brukt i maten som blir servert, eller seld vidare. Vertskapet deler kunnskap om natur og kultur med gjester frå heile verda, og med dei mange ungdomane som har si første sommarjobb her. Renndølsetra viser korleis gamle tradisjonar kan leve vidare, samstundes som ein skapar noko nytt.
Bedriftsutviklingsprisen i landbruket
Innovasjon Noreg deler kvart år ut bedriftsutviklingsprisen i landbruket på oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet. Det er ein bedrifts- og næringsutviklingspris for dei som har etablert ei vellukka bedrift eller næring med basis i bygdene og landbruket sine ressursar. Kvart år blir det kåra ein vinnar i kvart fylke som får 50 000 kroner. Dei fylkesvise vinnarane kjempar deretter om den nasjonale prisen på 250 000 kroner.