Skavland Gartneri vinner landbrukspris

Prisen vart delt ut av statsforvaltar Bent Høie under feiringa av Rogaland landbruksselskaps 250 års-jubileum på Jærmuseet.
– Det hadde vi ikkje forventa, sa Håvard Skavland etter å ha fått tildelt prisen.
Edle Skavland legg til:
– Vi set veldig stor pris på at vi får anerkjenning for den jobben vi gjer, saman med våre tilsette, som er dei viktigaste i bedrifta.
Silje Arnesen, avdelingsleiar i Innovasjon Noreg Rogaland er svært imponert over prisvinnaren:
– Skavland Gartneri er ein stor og viktig tomatprodusent i vår region, og det regionale partnarskapet er veldig glad og stolt over å kunne tildele dei BU-prisen i Rogaland for 2026. Vi meiner at prisvinnaren er eit svært godt eksempel på korleis ei moderne landbruksbedrift kan kombinere berekraftig drift med eit sterkt fokus på menneska som gjer jobben. Det gjer dei til ein verdig prisvinnar, og vi ønsker dei lykke til i den nasjonale konkurransen, sei ho.
Juryen i Rogaland har bestått av Innovasjon Norge Rogaland, Rogaland Bondelag, Rogaland Fylkeskommune, Statsforvalteren i Rogaland og NHO Rogaland
Sosial berekraft i fokus
Håvards farfar, Einar Skavland, bygde ei av dei første veksthusa på Talgje heilt tilbake i 1937. Dei har no 26 000 kvadratmeter med moderne veksthus på garden. I dag er heile familien i sving, i tillegg til dei 70 tilsette i bedrifta. Frå den lille øya Talgje utanfor Stavanger, med om lag 300 innbyggjarar, vert tomatar frakta til butikkar over heile landet.
Bedrifta vert omtalt som ei av dei aller beste bedriftene i landbruket når det gjeld sosial berekraft, og det å ta vare på sine tilsette. Dei skriv sjølv på sine nettsider at dei ikkje berre vil tilby ein arbeidsplass, men også ønsker å vere ei kraft for positiv utvikling hos sine ansatte og deira familier. Her finn ein ansette frå Filippinene, Vietnam og Ukraina.
Etter at krigen i Ukraina braut ut fekk dei ansette derfra kollektiv beskyttelse og fast jobb på gartneriet. Garneriet tilbyr ein eigen boligløysing, som sikrar at dei ansatte har ein trygt og hyggjeleg bustad.
- Innovasjon Noreg delar kvart år ut Bedriftsutviklingsprisen i landbruket på oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet
- Det er ein bedrifts- og næringsutviklingspris for etablerarar av vellukka bedrift eller næring med basis i landbrukets og bygdenes ressursar
- I kvart fylke vert det kåra ein vinner som mottek 50 000 kroner
- Dei fylkesvise vinnarane kjempar om den nasjonale prisen på 250 000 kroner