Stor pågang – men store fylkesvise skilnader

Innovasjon Noreg opplevde allereie i januar 2026 stor pågang av søknader om IBU-tilskot til investeringar i landbruket.
Sheep graze at Otternes farm Aurland
© Foap - VisitNorway.com

Så langt i år er det innvilga 502 millionar kroner fordelt på 377 søknader. Det er om lag 200 millionar kroner meir enn på same tid i fjor, og nesten halvparten av årets ramme.

I snitt har kvar bonde fått innvilga rundt 1,3 millionar kroner i tilskot. Samstundes har dei som enno ikkje har fått behandla søknaden sin, søkt om i snitt 2,6 millionar kroner. Dette tallet er noko usikkert no, sidan det ofte er skilnad mellom kva det blir søkt om og kva Innovasjon Noreg har høve til å gi i støtte.

Per 5. mars 2026 har Innovasjon Noreg 554 søknader om tilskot som enno ikkje er ferdig behandla. Desse utgjer til saman 1,45 milliardar kroner. Årets IBU-ramme er på 1,153 milliardar kroner, og i fleire fylke er både innvilga og omsøkt tilskot allereie høgare enn dei fylkesvise midlane.

– Vi ser at investeringslysta er høg, og aukar i fleire fylke. Det er svært positivt for framtidig mat- og landbruksproduksjon. Samtidig gjer den store interessa at vi dessverre ikkje kan innvilge alle gode prosjekt i år, seier Silje Lesjø, leiar for landbruk i Innovasjon Noreg.

Flest søknader kjem frå mjølkeproduksjon på ku, der mange investeringar er knytte til kravet om lausdrift innan 2034. Samtidig ser Innovasjon Noreg ein auke i søknader innan svineproduksjon, særleg frå Nordland og Troms.

I nokre fylke har etterspurnaden etter IBU-midlar vore høg over tid. I Rogaland måtte fleire søknader frå 2025 vente til 2026 etter at ramma vart fylt opp. I Innlandet melder ein òg om svært høgt trykk i år, og at fylkespotten kan bli brukt opp tidlegare enn før.

Les meir om korleis Innovasjon Noreg kan støtte landbruket her.

Publisert 11. mars 2026Sist endret 11. mars 2026