Brennevinsgrova vinn BU-prisen i Møre og Romsdal

Produsenten vert hedra med Bedriftsutviklingsprisen i landbruket frå Innovasjon Noreg.
Brennevinsgrova vinn BU-prisen i Møre og Romsdal
© Kristin Støylen

Brennevinsgrova AS, ein leiande produsent av håndverksgin, akevitt og whisky, har fått tildelt Innovasjon Noregs bedriftutviklingspris for Møre og Romsdal i 2024. Prisen anerkjenn bedriftas innsats innan merkevarebyggjing, innovasjon og lokal verdiskaping.

- Vi er utruleg takknemleg for denne anerkjenninga, seier Harald Strømmegjerde, grunnleggjaren av Brennevinsgrova AS.

«Dette gir oss motivasjon til å fortsette arbeidet med å skape unike produkt som reflekterer smaken av Sunnmøre.»

— Harald Strømmegjerde

Tradisjon og innovasjon

Brennevinsgrova AS vart grunnlagt i 2019 av Harald Strømmegjerde på familiegarden i Straumgjerde på Sunnmøre. Med ein lidanskap for tradisjonelle metoder og lokale råvarer har han skapt produkter som har vunne fleire nasjonale og internasjonale prisar. Gjennom bruk av lokale råvarer som bringebær frå Valldal, butare frå Herøy og det krystallklare vatnet frå breane i Sunnmørsalpane har bedrifta gjort seg bemerka og vunne fleire prestisjetunge prisar.

Merkevarebyggjing

Daglig leiar Harald Strømmegjerde er drivkrafta bak merkevarebyggjinga av Brennevinsgrova. Designet på flaskene er tydeleg inspirert av den ville, bratte naturen i Sunnmørsalpane, og etikettane framhever dei lokale ingrediensane og at det ligg mykje håndverk bak produktet.

Regiondirektør for Innovasjon Noreg i Møre og Romsdal, Helge Gjerde, fortel at han er imponert over årets prisvinnar:

- Vi er stolte over å tildele årets bedriftsutviklingspris til Brennevinsgrova AS. Harald Strømmegjerde har gjort ein imponerande jobb med å byggje ein sterk merkevare som kombinerer tradisjon og innovasjon. Brennevinsgrova har ikkje berre skapt produkt av høg kvalitet, men dei bidrar også til lokal verdiskaping, meinar Gjerde.

Fakta om bedriftsutviklingsprisen i landbruket
  • Innovasjon Noreg delar kvart år ut Bedriftsutviklingsprisen i landbruket på oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet.
  • Bedriftsutviklingsprisen i landbruket er ein bedrifts- og næringsutviklingspris for etablerarar av vellukka bedrift eller næring med basis i landbrukets og bygdenes ressursar.
  • Det vert kåra ein vinner i kvart fylke der prisen er på 50 000 kroner
  • Dei fylkesvise vinnarane kjempar om den nasjonale prisen på 250 000 kroner.
  • Det vert nominert tre kandidatar til den nasjonale prisen som blir invitert til prisutdeling i samband med Internationale Grüne Woche i Berlin 15. januar 2026.