Agrilogg vinn regional landbrukspris!

Agrilogg AS vinn bedriftsutviklingsprisen for landbruket i Møre og Romsdal for 2026.
Agrilogg holder opp diplom for BU-pris i Møre og Romsdal.
F.v. Anita Vik Buckley (IN), Bjørn Tore Aksnes (Agrilogg AS), Jan Øystein Aksnes (Agrilogg AS) og Jan Egil Fornes (IN)
© Foto: Odd Arne Halaas/Dyregod Dagane

Bjørn Tore Aksnes og Jan Øystein Aksnes tok imot prisen som vart utdelt av Innovasjon Norge under Dyregod-dagane på Batnfjordsøra 6. september.

- Dette var litt uventa, sa vinnarane.

Ein leiande leverandør

Agrilogg AS frå Ørsta var tidleg ute med ei programvareløysing for landbruket, og dei er i dag ein leiande leverandør med eit allsidig system som er utvikla i tett dialog med brukarane. Systemet svarer ut dokumentasjonskrav, gjev meir effektiv ressursbruk og skal gjere bonden meir produktiv.

Gründerane i Agrilogg har og andre nysatsingar under oppsegling. Mellom anna har dei på gang eit konsept som tek sikte på å løyse utfordringar knytt til sal og distribusjon av lokalmat.

- Bondebuda er eit “non-profit”-initiativ frå Agrilogg, dvs Agrilogg skal ikkje tene på forretninga. Målet er at lokale bønder skal tene meir i forhold til å levere matvarer til dei store matvarekjedene. Vi satsar på fleire Bondebuder rundt i landet! Berre ta kontakt, oppfordra vinnarane.

- Løyser viktige landbruksutfordringar

Juryen trekk fram føljande grunngjeving for prisen:
Agrilogg AS er ei innovativ teknologiverksemd med sterk forankring i landbruket. I tett samspel med næringa utviklar selskapet digitale verktøy som løyser viktige landbruksutfordringar og gjer bonden meir produktiv. Selskapet kan vise til god vekst og lønnsemd sidan oppstarten, og har skapt fleire kompetansearbeidsplassar i distriktet.

Juryen bestod av representantar frå Møre og Romsdal Bondelag, Norsk Bonde og Småbrukarlag Møre og Romsdal, Statsforvaltaren i Møre og Romsdal samt representantar frå Innovasjon Noreg.

- Den typen innovasjon me treng

Helge Gjerde, regiondirektør i Innovasjon Noreg Møre og Romsdal, fortel at han er imponert over selskapet frå Ørsta:

- Agrilogg representerer den typen innovasjon me treng i norsk landbruk. Selskapet har identifisert eit reelt behov og utvikla ei løysing som gir praktisk nytte for brukarane, samstundes som den legg til rette for ei meir effektiv gårdsdrift og eit betre beslutningsgrunnlag for bonden, seier Gjerde.

Fakta om bedriftsutviklingsprisen i landbruket
  • Innovasjon Noreg delar kvart år ut Bedriftsutviklingsprisen i landbruket på oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet
  • Det er ein bedrifts- og næringsutviklingspris for etablerarar av vellukka bedrift eller næring med basis i landbrukets og bygdenes ressursar
  • I kvart fylke vert det kåra ein vinner som mottek 50 000 kroner
  • Dei fylkesvise vinnarane kjempar om den nasjonale prisen på 250 000 kroner


Publisert 7. sep. 2026Sist oppdatert 7. sep. 2026