Kitemill hentar millionbeløp frå EU gjennom EIC Accelerator
Kitemill får 2,5 millioner euro i tilskot frå det europeiske innovasjonsrådets akselerator-program, European Innovation Council Accelerator. I tillegg er bedrifta i prosess med tildeling av eigenkapital på 8 millioner euro fra EIC Fund og tilsvarande frå andre investorar. Kitemill er einaste norske bedrift som fekk innvilga stønad i denne runda, der dei konkurrerte med om lag 1000 bedrifter frå over 30 land.
- Kitemill er eit glimrande eksempel på bedrifter Noreg treng fleire av i åra som kjem. Det ligg stor anerkjenning i tilsagnet frå EU, og det er hyggjeleg å kunne gratulere Kitemill, som no kjem gjennom EIC-nålauget for andre gang. I Innovasjon Noreg er vi glade for samarbeidet med Kitemill, og vi ser fram til å fortsette dette, seier administrerande direktør i Innovasjon Noreg, Håkon Haugli.
- Løysinga til Kitemill er ein nyskapande måte å hauste energi på. Den har stort potensial og kan bidra til å gjere verden meir berekraftig, seier han.
Innovativ klimateknologi
Investeringa er ein del av EUs kontinuerlege innsats for å støtte innovative og berekraftige teknologiar. Kitemills banebrytande høgdevindteknologi har vist tydeleg potensial for å bidra til ei meir berekraftig framtid. Teknologien utnyttar krafta i luftbåren vindenergi i høgda, og Kitemill kan no halde fram arbeidet med å demonstrere teknologiens effektivitet og minimale miljøpåverknad.
- Våre system er designa for å fungere effektivt og berekraftig, og utnyttar avanserte teknologiar for å hauste vindenergi i høgare høgder der vindane er meir konsekvente og sterkare. Denne investeringa kjem på eit kritisk tidspunkt, då verda står overfor aukande press for å redusere karbonutslepp og overgang til reinare energikjelder. Kitemills teknologi kan spele ei nøkkelrolle i denne overgangen, og denne investeringa vil utvilsamt hjelpe oss med å realisere dette potensialet, seier CEO Thomas Hårklau.
Les mer om Kitemills løsning på deres hjemmesider.
Les mer om korleis Kitemill presenterer løysinga si for internasjonale målgrupper på Business Norway.
Samarbeid med Innovasjon Noreg
Kitemill fortel at dei er veldig fornøyd med samarbeidet med Innovasjon Norge:
- Innovasjon Norge har bidrege med erfarne rådgivarar gjennom heile prosessen. Me er spesielt nøgde med opplegget som Innovasjon Norge har etablert for å førebu oss på denne siste og avgjerande runden i EIC-opptaket. Me veit av erfaring at det er svært lurt å takke ja til alle aktivitetar Innovasjon Norge tilbyr. I denne fasen var det særleg nyttig å kome til Oslo og få øve for eit svært kompetent og dyktig ekspertpanel. Det var også til stor hjelp med mange gode runder med coaching med Nathan Gold, som på vegne av Innovasjon Norge også hjalp oss gjennom nålauget i 2019, seier CEO i Kitemill, Thomas Hårklau.